Vil du bli vår nye ambulerande maskinsjef?

Fjord1
Vestland
Full time
2 uker siden

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Er du klar for å bli ein del av den største miljøsatsinga innan maritim transport? Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vårt mål er å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!


No har Fjord1 ei ledig stilling som ambulerande maskinsjef til våre samband i region Vestland.

Kvifor velje Fjord1?

  • Innovasjon og miljø: Ver med å forme framtida innan maritim transport med banebrytande, og grøne løysingar.
  • Balanse mellom arbeid og fritid: Med skiftordning der du jobbar 2 veker på, og 2 veker av, får du tid til både venner og familie.
  • Fast Base: Steinestø ferjekai (Gamle Steinstøvegen) - Dette gjelder om man ikke er på fartøy i rute.
  • Gode arbeidsvilkår: 84 -timars arbeidsavtale, og oppstart etter avtale.

Som ambulerande maskinsjef vil du vere utsjekka på både hovudfartøy, og reservefartøy på ulike samband. Du vil ha fast turnus og grunnlønn, men vil tjenestegjere på ulike samband etter behov.


Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

02.07.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Ambulerande maskinsjef i region Vestland

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4986072677

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert følgt og at det er samsvar med ISM-koden.
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt.
  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskinsdagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat.
  • Høgspentkurs.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søker ein engasjert maskinsjef med ansvar for maskineri, teknisk drift og vedlikehald. Du er løysningsorientert, samarbeidsvillig og har fokus på sikkerheit og effektivitet. Om dette beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
  • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
  • Skiftordning: 2 veke på og 2 veker av
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

Bli med på laget og ver ein del av den grøne ferjeframtida!




Adresse:
Steinestø fergekai, Fv269 5108, 5108 Bergen, Norge


Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 47995295
E-post:
marit.kjetland@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Apply
Other Job Recommendations:

Vil du bli vår gode kollega i vår hyggelig nabolagsbutikk i Oslo sentrum ?

Coop Norge
Oslo
Vi har ca. 2600 ansatte og 120 butikker i de 5 fylkene Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud og Innlandet med hovedkontor på Kolbotn i...
4 uker siden

Vil du bli vår nye skipsmotormekaniker?

Fjord1
Norge
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga...
2 uker siden

Vil du bli vår nye overstyrmann?

Fjord1
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
2 uker siden

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1
Vestland
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport Gjennom kontinuerleg utvikling...
2 uker siden

Vil du bli vår nye cateringmedarbeidar?

Fjord1
Norge
Vi søker en serviceinnstilt og fleksibel cateringmedarbeider som brenner for gode kundeopplevelser, pågangsmot og positiv...
2 uker siden