Vil du bli vår nye maskinsjef/maskinpassar?

Fjord1
Vestland
Full time
2 uker siden

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef/maskinpassar i sambandet Askvoll-Gjervik-Fure, p.t MF Davik.


Kvifor velje oss?


  • Variert og spanande arbeid:
    Du vil få ein variert arbeidskvardag, med utfordrande/spanande oppgaver.
  • Fleksibel skiftordning: Døgnskift med 2 veker på - 3 veker av/2 veker på - 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Du vil få arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Sambandet har tilgang på hybel!

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

02.07.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Askvoll

Stillingstittel:

Maskinsjef/Maskinpasser i sambandet Askvoll-Gjervik-Fure, p.t. MF Davik

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4986291660

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M4-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Tilgang på hybel
  • Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på - 1 veke av, 2 veker på - 3 veker av



Adresse:
Askvoll, Askvoll, Norge


Kontaktinformasjon

Thea Eliassen
Rekrutteringsmedarbeidar
E-post:
thea.eliassen@fjord1.no
Sigrunn Hellebust
Bemanningskoordinator
E-post:
sigrunn.hellebust@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Apply
Other Job Recommendations:

Vil du bli vår gode kollega i vår hyggelig nabolagsbutikk i Oslo sentrum ?

Coop Norge
Oslo
Vi har ca. 2600 ansatte og 120 butikker i de 5 fylkene Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud og Innlandet med hovedkontor på Kolbotn i...
4 uker siden

Vil du bli vår nye skipsmotormekaniker?

Fjord1
Norge
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga...
2 uker siden

Vil du bli vår nye overstyrmann?

Fjord1
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
2 uker siden

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1
Vestland
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport Gjennom kontinuerleg utvikling...
2 uker siden

Vil du bli vår nye cateringmedarbeidar?

Fjord1
Norge
Vi søker en serviceinnstilt og fleksibel cateringmedarbeider som brenner for gode kundeopplevelser, pågangsmot og positiv...
2 uker siden