Vi søkjer deg som er strukturert og engasjert, og som ønskjer å jobbe med varierte administrative oppgåver. NIBIO Særheim er ein stor forskingsstasjon med eit dynamisk og tverrfagleg miljø. Stillinga gir god mogelegheit til å bidra til effektiv drift og eit godt arbeidsmiljø ved stasjonen. Du vil få ansvar for eit breitt spekter av oppgåver.
Viktige oppgåver i stillinga
Graden av sjølvstendig ansvarsforhold kan sjåast i forhold til bakgrunnen din/din kompetanse, og har betydning for stillingskode og løn.
Kvalifikasjonskrav
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Det er ein fordel om du har
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som førstekonsulent (kode 1408), seniorkonsulent (kode 1363), eller rådgivar (kode 1434), årsløn kr 505.000 - 680.000. Løna og kode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO (https://www.nibio.no/om-nibio/jobb-i-nibio?locationfilter=true)
Korleis søkja på stillinga
CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
I staden for søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2Q
Andre opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.