Vil du bli ein del av vårt team?
Seksjon Haram/Norddal/Ørskog har ledig ei 50 % fast stilling for ambulansearbeidar eller paramedisinar. I tillegg er det ledig opptil 50 % vikariat ut året, med moglegheit for forlenging. Det er aktuelt å kombinere desse dersom du ønskjer høgare stillingsprosent.
Oppstart etter avtale. Arbeid på andre stasjonar må påreknast.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den prehospitale beredskapen i fylket. Dette omfattar bil-, båt- og luftambulansar, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved anna seksjon bli tilbydd.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
16.08.2025
Helse Møre og Romsdal HF
ØRSKOG
Ambulansearbeider/Paramedisiner med autorisasjon
2
Deltid
Fast, Vikariat
50
4995836454
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Vere fagleg engasjert og ansvarsbevisst
- Motivere og samarbeide godt med kollegaer
- Delta i undervisning og sertifiseringar
- Ta på deg faglege delegeringar i samsvar med prosedyrar og interne reglar
- Utføre interne arbeidsoppgåver
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldande for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Førarkort klasse C1
-
Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
- Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
-
Ein inkluderande arbeidsplass
-
Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår