Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
helse og omsorg
jobs
tilkallingsvikar
butikkmedarbeider
16 år
for ungdom
under 18 år
ledige stillinger lærer
ledige stillinger i
sjåfør klasse b
Vestland
Oslo
Akershus
Porsgrunn
Nordland
Finnmark
Innlandet
Østfold
Hamar

Arealplanleggar

DeepOcean
Vestland
Full time
2 dager siden
Sogndal kommune Plan og forvaltning

6856 Sogndal, Hybridkontor

Om jobben

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 14. september

Sogndal kommune søkjer ein engasjert arealplanleggar som vil vere med å utvikle gode lokalsamfunn i hjartet av Sogn. Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Våre om lag 1300 medarbeidarar jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for både innbyggjarar og tilsette.

Om stillinga

Som arealplanleggar hjå oss får du ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas tettstader og bygder. Me ønskjer å skape stadar som gir høg livskvalitet for både fastbuande og tilreisande, tek omsyn til miljøet og stimulerer til skaparkraft og engasjement hjå innbyggjarane våre.

Du koordinerer planprosessar frå kommunen si side og sørger for god dialog med utbyggjarar, konsulentar, regionale fagetatar, interne fagpersonar og innbyggjarar. Målet er å sikre ein effektiv og god reguleringsplanprosess som følgjer kommunen sin arealplan og samfunnsplan (sjå utfordrarbygda.no).

Du vert ein del av planteamet vårt, der me finn løysingar saman, støttar kvarandre og gir rom for fagleg vekst. Me jobbar langsiktig for å tilby gode tenester til både utbyggjarar og innbyggjarar. Kontorlandskapet vårt på Campus i Sogndal deler me med andre fagområde. Framtidig lokalisering vil vere i Sogndal og/eller på Leikanger.

Arbeidsoppgåver

Plansakshandsaming etter plan- og bygningslova. I hovudsak detaljreguleringsplanar, men også noko dispensasjonar og overordna planarbeid

Følgje planprosessane frå initiativ til endeleg vedtak;
Delta aktivt i planteamet ut frå rollene ein får tildelt i teamet. Bidra til at planteamet jobbar strategisk og langsiktig for å nå måla våre

Samhandling med andre fagområde i kommunen, særleg byggjesak, oppmåling, miljø, landbruk, eigedom, VA og trafikk

Bistå innbyggjarar som ber om hjelp frå kommunen

Moglegheit for å delta i andre team i kommunen

Kvalifikasjonar

Minimum bachelorgrad i planlegging, stadutvikling eller annan relevant utdanning. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskrav. Masterutdanning er ønskjeleg.

Arbeidserfaring innanfor planområdet er ønskjeleg.

Erfaring frå andre relevante fagområde som stadutvikling, trafikk, VA, arealforvaltning, GIS, arkitektur, planjuss, byggjesak og anna offentleg forvaltning er også relevant.

Førarkort klasse B er ønskjeleg

Personlege eigenskapar. Me ser etter deg som

er ryddig og strukturert, og har oversikt i sakene dine

er løysingsorientert, sjølvstendig og har god framdrift

kommuniserer lett og godt med andre skriftleg og munnleg, på norsk

evnar å sette deg inn i og handterer komplekse prosessar og til tider stor saksmengd

har god rolleforståing, er positivt innstilt og jobbar mot kommunen sine mål

er venleg mot kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

er omstillingsvillig når det kjem til organisering og lokalisering

Me tilbyr

Løn etter avtale

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Gode velferdsordningar

Fleksitid og moglegheit for avspasering ved sol og pudderføre

Moglegheit for heimekontor delar av tida

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen

Sigrid Ølmheim

Tenesteleiar

+47 97534382

[email protected]

Om bedriften
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Annonsedata

Stillingsnummer

37e5a405-4c0e-4a3c-923c-664683b63ee2

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3532037_194693_nn
Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Personlig trener-ansvarlig SATS Ringnes Park

SATS Group
Oslo
Har du lyst til å bidra til å bekjempe en av de største helseutfordringene i vår tid? Det er det vi gjør i SATS ved å inspirere...
5 dager siden

Økonomi- og regnskapsrådgiver

USN
Region Midtjylland
  • Rådgiver i seksjonen med ansvar for delprosesser ved...
  • Pådriver for utvikling, implementering og oppfølging av...
5 dager siden

Elkjøp Stavanger Sentrum Service Advisor

Elkjøp
Rogaland
Hos Elkjøp vil du jobbe i en dynamisk og spennende arbeidskultur som gir deg muligheten til å jobbe med de nyeste og mest...
5 dager siden

Teknisk Inspektør avdelig Helgeland

DeepOcean
Nordland
Er du klar for å ta ansvar i en bransje i rask utvikling? Torghatten Midt søker en engasjert og løsningsorientert Teknisk...
6 dager siden

KICKS Madla søker selger

DeepOcean
Stavanger
Vi skal ansette et helt nytt dreamteam til vår nye KICKS butikk på Madla! Er du en serviceinnstilt og pålitelig selger som setter...
6 dager siden

Vi søker fleire jobbspesialistar til Nav i Bergen

DeepOcean
Vestland
Har du trua på at alle menneske kan få og behalde ein vanleg jobb? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som...
2 dager siden

Butikkmedarbeidere hos Belsvik i Gågata og på Strandtorget, Lillehammer

DeepOcean
Innlandet
Er du interessert i en spennende jobb i et hyggelig arbeidsmiljø? Vi søker blide og engasjerte medarbeidere til fast deltidsjobb...
6 dager siden

Jurist

Oslo kommune
Oslo
Kommunerevisjonen er valgt av bystyret til å revidere regnskapene, evaluere tjenesteproduksjonen og myndighetsutøvelse for...
2 dager siden

System Administrator of OneStream

Statkraft
Oslo
  • System Management - Ensure the optimal functionality and...
  • Data Maintenance - Oversee master data maintenance and...
6 dager siden

ISO Inspector

Oceaneering
Vestland
  • Utføre kartlegging, inspeksjon av relevant utstyr
  • Funnrapportering vha notifikasjoner
  • Utarbeide jobbpakker/årsprogram...
6 dager siden