Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
ledige stillinger renhold
butikkmedarbeider
assistent
ungdom
vekter
under 18 år
for ungdom
ledige stillinger i
helsefagarbeider
16 år
Oslo
Akershus
Vestland
Tønsberg
Sandefjord
Skien
Haugesund
Porsgrunn
Trondheim

Arkivfagleg seniorkonsulent eller rådgjevar

DeepOcean
Rogaland
Full time
1 dag siden
Arkivverket

Arkivenes hus, Richard Johnsens gate 12, 4021 Stavanger, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Arkivfagleg seniorkonsulent eller rådgjevar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 31. august

Vil du bidra til at publikum får tilgang til arkiva våre?

Arkivverket ivaretar Noreg sitt nasjonale minne. Me arbeider kvar dag for å tilgjengeleggjera og bevara viktig historisk informasjon for framtidige generasjonar.

Me ser etter ein saksbehandlar (seniorkonsulent eller rådgjevar) til avdeling Brukerbetjening og du har moglegheit for å bli med på laget!

Kva vil du gjera hjå oss?

I Arkivverket vil du få ei rekkje spennande oppgåver. Arkiva me forvaltar er viktige for å dokumentera innbyggjarane sine rettigheiter. Ein viktig del av arbeidsoppgåvene vil difor vera å hjelpe folk med å finne fram til slike opplysingar i arkiva. I tillegg vil du bistå både offentleg forvalting, forskarar, forfattarar og journalistar som treng tilgang til arkivmateriale.

Kontakten med publikum skjer særleg via digitale kanalar, men du vil òg møte brukarar via telefon og lesesal. Det er ein stor variasjon i sakene du vil behandla, frå enkle oppslag til krevjande arkivundersøkingar og fagleg interessante vurderingar, der du ofte jobbar saman med erfarne kollegaer for å sikre at praksisen vår held ein høg standard både etisk, arkivfagleg og juridisk.

Me ser etter deg som trivst med endring og bidreg aktivt til utviklinga vår.

Kven er du?

Me ser etter deg som har utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå eller høgare, innan arkivfagleg relevante humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag.

Den faglege nyfikna di driv deg, og du er oppteken av å arbeide effektivt og med god kvalitet.

Du har god norsk språkforståing og meistrar båe målformer skriftleg, og er gjerne komfortabel med å lese eldre typer handskrift. Du har særs gode relasjons- og samarbeidsevner, trivst med høgt arbeidspress og har skikkeleg lyst til å yte god service overfor dei varierte brukargruppene våre.

Du likar moglegheita til å samarbeide tett med erfarne kollegaer og skjønar verdien av kunnskapsdeling, men kan òg prioritere i eiga tid og oppgåver. Me har ei tillitsbasert leiing og utstrekt fjernleiing, noko som både stiller krav til deg og gjev deg stor fridom. At du er personleg skikka til oppgåvene vil difor vera ein viktig del av vurderinga vår.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente eit arbeidsmiljø prega av høg arkivfagleg kompetanse og serviceinnstilling. I Arkivverket er me opptekne av å lage betre prosessar og heile tida utvikle tenestene brukarane våre møter.

Hjå oss vil du få ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag der du arbeider saman med våre andre saksbehandlarar lokalt og nasjonalt. Me samarbeider òg tett med dei andre institusjonane i Arkivenes hus, så her kjem du inn i eit breitt arkivfagleg arbeidsmiljø, på tvers av forvaltningsnivå.

Me arbeider med å gjera rettigheitsdokumentasjon tilgjengeleg for dei som treng det og tilbyr rettleiing i arkiva våre for eit vidt spekter av brukarar. I magasina våre ved Statsarkivet i Stavanger er eit breitt spenn av arkiv frå statlege og private verksemder i Rogaland ivaretekne. I denne stillinga vil du særleg arbeide med fysiske arkiv etter regionale myndigheiter, men du arbeider òg med digitalisert materiale frå resten av landet. Dette gjev deg ein unik sjanse til å utforske nasjonen sitt felles minne i si fulle breidde, slik me forvaltar det.

Kva får du hjå oss?

Som organisasjon har me ein uformell kultur, stor kompetansebreidde, og fagleg sterke miljø fordelt på våre 11 ulike arbeidsstadar.

I lokala våre på Arkivenes hus arbeider du tettast med dei ti andre medarbeidarane i Arkivverket. Her får du dele lokale, kantine og fellesareal med heile breidda av fagfelt representert i Arkivenes hus. Kollektivtilbodet er godt og me er mange som syklar til jobb.

I tillegg set våre tilsette pris på våre trygge rammer som:
Fleksibel arbeidstid med kjernetid, samt sommartid, trening i arbeidstida og gode ordningar for avspasering. Dette støttar ein sunn balanse mellom arbeid og privatliv.
Konkurransedyktige vilkår med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse, kor arbeidsgiver betalar det meste av pensjonspremien – her vert berre 2 % trekt frå løna di.

Stillinga som seniorkonsulent (1363) lønast med 500.000–580.000 kr. per år.

Stillinga som rådgjevar (1434) lønast med 540.000–660.000 kr. per år. For å kvalifisere til stillinga som rådgjevar må du ha mastergrad og nokre års relevant arbeidserfaring. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.

Me oppfordrar

I Arkivverket trur me at me utviklar dei beste løysingane når me får inn ulike perspektiv og erfaringar. Vårt mål er å spegle heile spekteret av samfunnet me tener. Difor oppmuntrar me alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion, eller etnisk tilhøyrsle.

Me arbeider aktivt for å skape eit arbeidsmiljø kor alle har like moglegheiter, og me forpliktar oss til å tilrettelegge arbeidstilhøva for å møte dine behov.

Til informasjon

Opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Arbeidsstad: Arkivenes hus, Richard Johnsens gate 12, 4021 Stavanger.

Kontaktperson for stillingen

Eirik Kristoffersen

Avdelingsdirektør

+4797641227

[email protected]

Om bedriften

Arkivverkets oppgave er å sikre god og autentisk informasjon og dokumentasjon for samtid og ettertid. Velfungerende arkiver er en forutsetning for demokrati og vår rettsstat, og en viktig nøkkel til å forstå fortiden og forme framtiden. Dette forutsetter tillit og tilgang til arkivene.

Forvaltningen digitaliseres, noe som gir store utfordringer knyttet til informasjonsforvaltning og informasjonsgjenbruk. Arkivverket er en viktig aktør i dette arbeidet og har en sentral rolle i formidling og tilgjengeliggjøring av samfunnsdokumentasjon.

Sektor

Offentlig

Nettsted

http://arkivverket.no/

Annonsedata

Stillingsnummer

43363848-2d8c-45b6-ab44-4088f3cc0c5c

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10259319
Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Anleggsmekaninker eller Landbruksmekaniker

DeepOcean
Region Midtjylland
Vi ser etter deg med meget stor interesse for et av fagene eller alle fagene vi tilbyr tjenester innen Vi gjør alt ifra å utføre...
1 uke siden

Rådgjevar/saksbehandlar

DeepOcean
Bergen
Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag. Som rådgjevar/saksbehandlar vil du jobbe med...
1 dag siden

Fleksibel jobb som intervjuer - dag og/eller kveldstid

DeepOcean
Trøndelag
Vi trenger flere telefonintervjuere med oppstart så snart som mulig - full opplæring vil bli gitt. På kveldstid foregår arbeidet i...
4 dager siden

Start eller fortsett din møtebookerkarriere med oss

DeepOcean
Akershus
Er du en som liker å kommunisere og ønsker å tjene gode penger? Da er dette jobben for deg! Vi leter etter møtebookere med...
4 dager siden

Rådgjevar

Helse Bergen
Vestland
  • Arbeidsoppgåver innan fagutvikling, kvalitetsforbetring og...
  • I samarbeid med klinikkleiinga sikre at Psykiatrisk Klinikk...
2 uker siden

Taktekker, hjelpearbeider, lærling eller voksenlærling

DeepOcean
Region Midtjylland
Mester Blikk og Tak AS - Vi søker deg! Er du på jakt etter en spennende og variert arbeidsplass med et solid og godt arbeidsmiljø?...
3 dager siden

Anlegg eller Landbruksmaskinmekaniker søkes

DeepOcean
Buskerud
Vi er også godkjent lærebedrift og kan derfor tilby læretid innen anleggsmaskinmekanikerfaget. Sertifikat for kl. C1, lift, truck...
1 uke siden

Kokk uten eller med fagbrev - Ringerike Gjestegård

DeepOcean
Buskerud
Ringerike Gjestegård A/S Osloveien 77 3511 Hønefoss , 3511 Hønefoss, Hjemmekontor ikke mulig Ringerike Gjestegård har ledig...
3 uker siden

Rådgjevar/seniorrådgjevar personvern og innkjøp

DeepOcean
Vestland
Målet vårt er å medverke til eit meir ope og inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle. Vestland er...
2 uker siden

Økonom eller revisor til A-krim Gjøvik

Skatteetaten
Innlandet
Vi søker etter deg som har lyst til å bidra i arbeidet med å bekjempe arbeidslivskriminalitet Hos oss vil du få anledning til å...
3 uker siden