Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
h&m ledige stillinger
for ungdom
tilkallingsvikar
under 18 år
butikkmedarbeider
sosionom
servitør
ledige stillinger i
16 år
helse
Oslo
Vestland
Akershus
Trøndelag
Troms
Buskerud
Skien
Arendal
Porsgrunn

Avdelingsleiar Knarvik barneskuleskule

DeepOcean
Vestland
Full time
2 dager siden
Alver kommune

Lonsvegen 80, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Avdelingsleiar Knarvik barneskule

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest torsdag 18. september

Om stillinga

Frå 01.01.2025 er ei av våre to avdelingsleiarstillingar ved Knarvik barneskule ledig. Stillinga er 100% fast, og inneheld både administrative oppgåver og undervisning.

Knarvik barneskule er ein nybygd skule som ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane. Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland. Skulen har i dag ca 235 elevar og eit personale på vel 40.

Arbeidsoppgåver

Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø?

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team, vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg varierte dagar, der du mellom anna :

er del av leiargruppa på skulen
er aktivt med i utviklingsarbeid
har personalansvar på eiga avdeling
har noko undervisning på eiga avdeling
har oppfølging av resultat og individuelt tilrettelagt undervisning
har ulike administrative oppgåver

Kven er du?
Vi ser etter ein avdelingsleiar med godkjent lærarutdanning og sterke faglege og didaktiske kunnskapar.
Du er ein tydeleg og strukturert person, som møter både elevar, føresette og tilsette på ein god måte.
Du må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje seg godt, både skriftleg og munnleg.
Det er ein fordel om du har god kompetanse på IKT.
Det er ønskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring.

Personlege eigenskapar:
Vi verdset eigenskapar som godt humør, og evne til å byggje gode relasjonar til både born og vaksne.
Fleksibilitet, samarbeidsevne og syn for gode løysingar er viktige eigenskapar for å trivast på skulen.
Du leverer god kvalitet på arbeidet enten det er i klasserommet eller i dei administrative oppgåvene.
Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først.

Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Me tilbyr
Eit fagleg dyktig kollegium
Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
Leiaropplæring
Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Eikrem Åmdal

rektor

Kontor: +47 56 37 52 14

[email protected]

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.

Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Nettsted

https://www.alver.kommune.no/

Annonsedata

Stillingsnummer

f3e10aa3-f157-41f6-bae2-a48847fd7077

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10260571
Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Princess Knarvik søker en tilkallingshjelp

DeepOcean
Vestland
Vi trenger en tilkallingshjelp som har mulighet for å hjelpe oss ved sykdom, ferie og høytider. Sørge for at butikken ser ren og...
2 uker siden

Avdelingsleiar bufellesskap Måløy

DeepOcean
Vestland
Du samarbeidar tett med tenesteleiar, og deltar på vekentege møte Du samarbeidar med ulike interne og eksterne samarbeidspartnarar...
1 uke siden

Avdelingsleiar

Accountor Norge
Vestland
Vi er et lokalt forankra rekneskapskontor med lang historie og sterk fagkompetanse – men også med blikket retta framover. Hope...
1 dag siden

Avdelingsleiar heimesjukepleie / heimehjep, område Stryn

Stryn kommune
Vestland
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp, område Stryn. Avdelingsleiar er med i...
2 uker siden

Tilkallingshjelp Princess Knarvik

DeepOcean
Vestland
Vi trenger en tilkallingshjelp som har mulighet for å hjelpe oss ved sykdom, ferie og høytider. Sørge for at butikken ser ren og...
2 uker siden

Pizzabakeren Knarvik

DeepOcean
Vestland
Som pizzabaker hos oss får du boltre deg på kjøkkenet med ferske bunner, ferske og smaksrike ingredienser - og ekte ost fra Tine...
3 uker siden

Solutions Architect/ Tech Lead (Remote or Relocate)

Propellerhead
Oslo
  • Exceptional communication skills to bridge technical...
  • Hands-on experience with designing solutions on cloud...
2 dager siden

To serviceteknikere Lely, Nord-Gudbrandsdal

DeepOcean
Innlandet
Ansvar for service og vedlikeholdsarbeid av våre Lely service-installasjoner hos kunder i Nord-Gudbrandsdal Evne til å arbeide...
2 dager siden

Vi ser etter en strukturert, lærevillig og nysgjerrig lønns- og regnskapsmedarbeider

DeepOcean
Oslo
Er du den som alltid dobbeltsjekker før du sender fra deg noe - men også liker å tenke fremover og forbedre rutiner? Brenner du...
2 dager siden

Overbioingeniør/overingeniør

Sykehuset Innlandet
Innlandet
  • Samarbeide med leger og andre fagområder slik at seksjonen...
  • Ansvar for at kvalitetskontroll utføres og at...
2 dager siden