Luster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Avløysar hjå bønder i Luster med mjølkeproduksjon men også litt sau.
Stillingstittel
Avløser
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Bonden treng flinke folk for å sikre god matproduksjon. Og dei relativt store gardane treng ekstra personale for ta ut rettane dei har i velferdsordningane i landbruket.
Me ser etter ein person som er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig.
Du må kunne kommunisere godt med bonden. God dyrevelferd.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene dine blir stell og pass av husdyra på garden når bonden ikkje greier det sjølv eller treng ferie og fritid.
Dersom du likar praktisk arbeid, stell og pass av dyr, mekking og skruing, då er du rett person for oss.
Drifta på det enkelte gardsbruk varierer og det trengst evner til god kommunikasjon og gjennomføring av rutinar i følgje opplæring.
Du skal arbeide hjå fire bønder og følgje ein arbeidsplan som blir sett opp i fellsskap
Vi tilbyr
Me tilbyr ein jobb der du får bruke alt du har lært om husdyrhald og gardsdrift. Det er variasajon i arbeidsoppgåvene alt etter årstida og du har difor arbeid både inne i fjøset og ute på garden eller i skogen.
Du kjem i eit kollegium med andre avløysarar og landbruksvikarar i Indre Sogn.
Me tilbyr aktuelle kurs og faglege samlingar.
Kontaktperson for stillingen
Aud Fossøy
dagleg leiar
909 62157
[email protected]
Om bedriften
Landbrukstenester Sogn er i fin vekst og har ein stab av velkvalifiserte avløysarar. Me har ungdomar og andre som blir rekruttert inn i bedrifta. Dei syner interesse og iver for å arbeide i landbruket.
Det er viktig for oss at bonden skal få den arbeidshjelpa hen treng til rett tid. Og det breie kontaktnettet vårt gjer at me oftast greier å løyse alle oppdrag.
Me legg vekt på at alle tilsette skal ha ein god arbeidskvardag med meiningsfylte oppgåver samt fri og ferie etter gjeldande reglar.
Mange av våre tilsette brukar elektronisk rapportering av timar gjennom Webtemp som blir lettvint for alle partar.
Sektor
Privat
Nettsted
https://www.landbrukstenester-sogn.no/
https://www.facebook.com/
Annonsedata
Stillingsnummer
28073b8b-f5f8-4d26-aeac-235a8e14d439
Hentet fra
Stillingsregistrering
Referanse
28073b8b-f5f8-4d26-aeac-235a8e14d439
Report job