Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/ assistent på avdelinga i Førde
Type ansettelse
Fast, deltid 22%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 7. september
Eininga «Butiltak psykisk helse» gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Eininga har to avdelingar, i Førde og på Vassenden. Stillinga som er utlyst er knytt til avdelinga i Førde
Avdelinga i Førde har 25 brukarar og ca 30 tilsette. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane bur i omsorgsbustad.
Vi har ledig stilling:
22 % fast helgestilling
Omtale av stillinga:
Vi har kveld, langvakter og kvilande nattevakt i samband med seinvakta. Ein må berekne å gå alle typane vakter. Stillinga inneber arbeid kvar 3.helg, der den eine helga er kort.
Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga.
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
Vi søker deg som har:
- førarkort kl B
- evne til kontaktskaping og relasjonsbygging
- evne til å arbeide sjølvstendig, kunne ta initiativ og ansvar
- gode samarbeidsevner
- gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- god datakunnskap
- utdanning som helsefagarbeidar, men ingen krav då personlege eigenskapar vektast mykje
- erfaring frå psykisk helsearbeid
- evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
- likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- fleksibilitet
- engasjerte kollegaer og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
- god opplæring
- langvakter
- god pensjons- og forsikringsordning
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Finn Ove Arnes
Einingsleiar
+47 47653520 +47 57726071
[email protected]
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
68951c0f-27ed-4d05-b839-060e78acba7a
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3537281_191745_nn
Report job