6977 Bygstad, Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 55%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 24. august
Bygstad barnehage ligg landleg til med mange turområde i nærmiljø. Vi har eit godt bygg, med god plass.
Barnehageåret 2025 – 2026 har barnehagen 3 avdelingar i drift, ei småbarnsavdeling, ei avdeling med både små- og store barn, og ei avdeling for store barn.
Bygstad skule og Bygstadhallen ligg rett attmed barnehagen, og vi nyttar oss av begge deler. Vi har ei grillhytte i skogen, der alle i barnehagen har lett tilkomst.
Vi har ledig:
55 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar
Krav til søkar:
fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med interesse for arbeid i barnehage kan søke kan søke på stillinga.
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Du må legge fram gyldig politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:
er flink til å planlegge og gjennomføre pedagogisk arbeid, og å arbeide målretta for å fremje læring og opplæring
nyttar digitale verktøy på ein trygg måte i det daglege arbeidet
kan bygge tillitsfulle og varme relasjonar med barn og vaksne, og viser omsorg i møte med andre
har tryggleik og erfaring i å rettleie enkeltbarn og leie barnegrupper på ein inkluderande og utviklande måte
tek ansvar for eigne oppgåver, og samarbeider godt i team
bidreg med idéar og løysingar som fremjar utvikling og eit godt fagleg miljø
Barnehagen kan tilby deg:
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og stabile medarbeidarar
vi legg vekt på humor og det å by på seg sjølv
å bli del av eit team med fagleg utvikling og læring
gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkome som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Anne Jorunn Fauske
+47 970 53 654 +47 57 71 8510
[email protected]
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
656baf8e-d9d4-45f2-a6bb-9a117cb22b57
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3533633_192431_nn
Report job