Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 184 500 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Er du ein blid og serviceinnstilt person med interesse for daglegvare?
Og ønsker du ein variert og ansvarsfull jobb i eit hektisk og hyggeleg arbeidsmiljø? Da kan dette være jobben for deg! Stillinga ligg i turnus med arbeidsvakter på dagtid, ettermiddag / kveld og annankvar laurdag. Som Assisterande butikksjef er du først og fremst butikksjefens høgre hand, stedfortredar og sparrings partner. Saman med butikksjef og nøkkelpersonar er assisterande butikksjef ein del av leiargruppa hjå Extra Kaupanger.
Arbeidsoppgåver:
- Kundebehandling
- AVS- Varebestilling, varekontroll og vareplassering
- Reklamasjon og svinn handtering
- Gjennomføring og oppfølging av kampanjar
- Opplæring og oppfølging på at fastsette rutinar i avdelinga blir følgt
Som assisterande butikksjef får du ansvar for varebestilling, vareplassering og gjennomføring av kampanjar. I arbeidet inngår også oppgåver med personalhandtering og oppfølging av rutinar, samt kundebehandling.
Som butikksjefens sted fortredar må du ha innsikt i butikkens rutinar, drift og økonomi, og kunne bruke tilgjengelege IT-verktøy.
Vi legg stor vekt på at kunden kjem i fyrste rekkje. I ditt møte med kunden er det ditt ansvar at kunden blir nøgd.
Våre forventningar:
Du tar ansvar, og er hjelpsam og imøtekommande. Du jobbar strukturert og effektivt, og handterer hektiske situasjonar med godt humør. Gode samarbeidsevner og omstillingsvilje er viktig. Du må ha kunnskap om, og kunne bruke alle tilgjengelege IT-verktøy.
Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og løn etter tariff med ansvarstillegg. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom «Coopskolen» som er vår egen portal med e-læringskurs. Vi har og opplærings moglegheiter for dei som har lyst til å utvikle seg vidare i organisasjonen. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av forsikringsavtalane våre. Vi har rabattavtalar for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Jorunn Kristin Brekke på tlf. 952 78 797.
Søknad og CV registrerast digitalt på www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 28. august 2025
Kontaktpersoner: