Lustravegen 3300A, 6872 Luster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 18. august
Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehagen.
Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon
Luster oppvekstsenter avd barnehage søkjer etter fagarbeidar/assistent 100 % vikar i tida 13.08.25-31.12.25. Vikariatet kan bli forlenga ut barnehageåret 2025-2026
Kvalifikasjonskrav
Utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsfaget og gjerne relevant erfaring
Annan relevant utdanning/kompetanse kan vurderast
Krav til norskdugleik: Generelle Krav
Krav til andre ansettelser i barnehagen
Personer med et annet førstespråk enn norsk eller samisk, må ha avlagt en norskprøve. I tillegg må de ha oppnådd nivå A2 på delprøven i skriftlig framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståelse, lytteforståelse og muntlig kommunikasjon. Nivåene A2 og B1 skal tilsvare nivåene beskrevet i Det felles europeiske rammeverket for språk (CEFR).
Personlege eigenskapar som vert vektlagde
auge for det einskilde barn
tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
gode samarbeidsevner
vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
kjenner seg heime i visjonen vår
ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet
Me kan tilby
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Eli Hansen Moen
+47 57685920
[email protected]
Om bedriften
Luster oppvekstsenter har skule for 1-7.klasse, SFO og barnehage. Skulen er tredelt med 1.-2.klasse, 3.-4.klasse og 5.-7.klasse. SFO føl skuleåret. Barnehagen har for tida tre avdelingar og og 44 plassar for barn i alderen 0-5 år. Luster oppvekstsenter ligg sentralt og flott ved Lustrafjorden i bygda Luster, 45 km frå Sogndal og 15 km frå kommunesenteret Gaupne.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
26d7dcfe-6ccc-4079-946d-aebd54719529
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3530579_219721_nn
Report job