Sundrevegen 43-45, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest onsdag 18. juni
Stilling som fagarbeidar / miljøarbeidar inneber arbeid med barn både i skulen og på skulefritidsordning (SFO). Det kan også vera aktuelt med arbeid i klasse/gruppe og 1:1.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, evt anna relevant utdanning og/eller erfaring.
Ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
Har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.
Har evne til å skape gode relasjonar til enkeltelevar, føresette og kollegaer.
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Kan vera både tydeleg og omsorgsfull i møte med elevane.
Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø.
Ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Søknad og politiattest
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Ellen Ellingsgard
95898650 32085416
[email protected]
Om bedriften
Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Skulen har to-lærarsystem og miljørettleiarar. Vi har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3510563_221513_nn
Report job