Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
lærling
ledige stillinger i
butikkmedarbeider
ungdom
sykepleier
16 år
assistent
klinisk ernæringsfysiolog
for ungdom
under 18 år
Vestland
Oslo
Akershus
Østfold
Kristiansand
Arendal
Møre og Romsdal
Porsgrunn
Hamar

Helsefagarbeidar

Sogndal kommune
Vestland
Full time
3 uker siden

Sogndal kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun og heimetenesta.

No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega!


Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.


Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.

Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.


Om stillingane

Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar:

  • 80% vikariat i todelt turnus på helsetunet ledig frå d.d. til 01.06.2026.
  • 80% fast stilling på natt på helsetunet ledig frå 01.09.25
  • 90% vikariat i todelt turnus på helsetunet frå snarast til 01.09.26
  • 100% fast stilling i tredelt turnus på helsetunet frå 01.08.25
  • 100% fast stilling i tredelt turnus i heimetenesta frå 01.09.25

Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. Stillingane er i turnus med 3. kvar helg.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim.
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam.
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet.
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer.
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar.
  • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie.
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon.
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel.
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering.
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane.

Personlege eigenskapar

  • Løysingsfokusert.
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Me tilbyr

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Godt fagleg miljø.
  • Årsturnus.
  • Løn etter tariff.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6305451
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6305451
Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Ledig vikariat som helsefagarbeidar ved rehabiliteringsposten

Helse Fonna
Region Midtjylland
  • Som helsefagarbeidar ved rehabiliteringsposten får du...
  • Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga...
1 uke siden

Helsefagarbeidar - natt

Sveio kommune
Region Midtjylland
  • Stillinga er knytt opp til tenester til personar med...
  • Du bistår og rettleiar i situasjonar som opplevast som...
1 uke siden

Helsefagarbeidar ved Vik sjukeheim - vikariat

DeepOcean
Agder
Stillinga er ledig frå 01.10.25 og i eitt år, med mogelegheit for oppstart før om det er aktuelt. VHO er inne i siste byggetrinn,...
1 uke siden

Helsefagarbeidar

Sogndal kommune
Vestland
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og...
3 uker siden

Helsefagarbeidar- Heimetenester

Ørsta kommune
Møre og Romsdal
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold...
  • Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og...
3 uker siden

Helsefagarbeidar helgestillingar på natt - Husnestunet/Halsnøytunet

DeepOcean
Vestland
Halsnøytunet og Husnestunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg,...
2 uker siden

Managing Architect

Netcompany
Oslo
Har du erfaring med å sette arkitekturen på store IT prosjekter, og har lyst til å levere de samfunnsnyttige og banebrytende...
4 dager siden

Dyktig og engasjert kokk

DeepOcean
Oslo
Markveien Mat & Vinhus / Dr. Kneipps vinbar på Grünerløkka i Oslo skal ansette en ny kokk til vårt kjøkken Markveien Mat &...
4 dager siden

SD Worx Spesialist

Accountor Norge
Oslo
  • Onboarde nye kunder i SD Worx – fra systemoppsett og...
  • Utføre lønn fra A til Å for eksisterende kunder i SD Worx,...
20 timer siden

Ledig stilling som advokat

DeepOcean
Oslo
Da en av våre advokater har valgt å søke etter nye utfordringer har vi ledig stilling ved vår juridiske avdeling i Oslo Vi søker...
1 dag siden