Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
kundeservice
under 18 år
pedagogisk psykologisk rådgiver
for ungdom
nattevakt
16 år
ledige stillinger i
sommerjobb under 18 år
butikkmedarbeider
markedsføring
Oslo
Akershus
Vestland
Rogaland
Sandefjord
Troms
Kristiansand
Porsgrunn
Agder
Apply

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Gloppen kommune
Vestland
Full time
3 uker siden
(i ny fane)


Om stillinga

Er du ein dyktig, engasjert og pliktoppfyllande hjelpepleiar/helsefagarbeidar med godt humør og vil vere med å gjere ein forskjell? Ein av våre gode kollegaer skal over i pensjonistlivet og vi søkjer ein ny god kollega til ei 100 % fast stilling i Gloppen heimeteneste.

Gloppen kommune jobbar for at innbyggjarane kan bu heime lengst mogleg . Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ønskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt. I heimetenesta vil du møte ei svært variert brukargruppe med samansette ufordringar og behov.

Faglege utfordringar kjem stadig og vi søker etter deg som ser at praksis og arbeidsmetodar må endrast i takt med oppdraget vårt, og ser dette som ein naturlig del av det å vere tilsett.

Stillinga er for tida i Breim heimeteneste og organisert i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi har jobba utifrå TØRN og ser heile tida etter betre måtar å organisere både oppgåver og arbeidsplassen for dei tilsette, ønskjer du å vere med oss vidare på denne reisa?


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
20.07.2025
Arbeidsgivar:
Gloppen kommune
Stillingstittel:
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4980669328
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie/omsorgssoppgåver ut frå brukaren sine behov og vedtak
  • Legemiddelhandtering
  • Velferdsteknologi
  • Utføre praktisk hjelp ved behov
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som har norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er lærevilleg.
  • Du er ein person som både kan jobbe sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er glad i menneske og har omsorg og empati.
  • Du må like variert arbeid og vere open/fleksibel

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding



Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane

Kontaktinformasjon

Cecilie M. Helgheim
Tenesteleiar heimetenesta
Telefon: +47 472 60 601

Om arbeidsgivaren

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Save Apply
Report job