Er du sjølvstendig og engasjert, med eit sterkt fokus på kvalitet og tryggleik? Vi ser etter nettopp deg, ein motivert medarbeidar som tek initiativ, jobbar strukturert og trivst med ansvar. Du vil få ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av helse, miljø, sikkerheit og kvalitet på prosjekt E136 Lerstad-Breivika i Ålesund, og vil bidra aktivt til å sikre gode rutiner og system gjennom heile prosjektet. Arbeidsoppgåver vil bl.a. inkludere inntakskontrollar og oppfølging av personell, handtering av sjekklister, skjema og uønska hendingar, samt andre oppgåver knytt til prosjektstøtte.
Dine kvalifikasjonar:
Arbeidsstad dei komande åra er prosjekt E136 Lerstad-Breivika i Ålesund, ser derfor helst at du bur i regionen. Elles må du vere fleksibel i forhold til arbeidsstad. Stillinga kan medføre behov for både reising og bortebuar på prosjekt.
Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsbransjen.
Gode IT-kunnskapar, det er ein fordel med kjennskap til SmartDok og HMS-reg. Dette er ikkje eit absolutt krav.
Utdanning innanfor HMS/KS. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B.
Vi kan tilby:
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
Moglegheit for fagleg utvikling.
Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.