Intensivmedisinsk seksjon behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spennande miljø. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 11 intensivsenger. Det er nærare 100 intensivsjukepleiarar og 12 intensivlegar tilsette ved seksjonen.
Vi har ledig 100% faste stillingar for intensivsjukepleiar med arbeid for tida kvar tredje helg. Utgangspunktet er tredelt turnus i årsarbeidsplan, med moglegheit for tilrettelagt arbeidstid og stillingsstorleik.
22.08.2025
Helse Bergen HF
BERGEN
Intensivsjukepleiar
4
Heiltid
Fast
100
4998122649
Arbeidsoppgåver
- Kontinuerleg observasjon, vurdering og behandling av pasientens tilstand
- Sette i verk tiltak ved endring i pasientens tilstand
- Sette i verk behandling av intensivpasienten ifølge ordinasjon og i forståing med lege
-
Dokumentere i elektronisk kurve og journalsystem
- Administrere ordinerte medikament og væskebehandling
- Anvende avansert medisinsk teknisk utstyr
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Ivareta pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig
- Du likar å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tidspunkt for tilsetting etter nærare avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.