INTERN UTLYSING - fast tilsette i Helse og omsorg i Stad kommune kan søkje på stillinga.
100 % vikariat som leiar i FACT voksen Nordfjord
Vikariatet er frå snarast - til oktober 2027.
FACT Nordfjord er eit samarbeid mellom Nordfjord psykiatrisenter og Stad kommune.
FACT står for fleksibel aktiv oppsøkjande behandling . Målgruppa er brukarar med alvorlege psykiske lidingar og /eller rusutfordingar, som har behov for hjelp på fleire område i livet og som ikkje klarer å nyttiggjere seg av det ordinære tenestetilbodet.
Vi søkjer etter ein framoverlent og engasjert person til 100% vikariat i teamleiarstilling.
Føremål med stillinga er å styrkje tilbodet til menneske med alvorlege psykiske liding og/eller rusutfordringar med psykiske helseutfordringar, med særleg vekt på dei som har behov for langvarig, tilpassa eller samansett oppfølging.
03.08.2025
Stad kommune
Nordfjordeid
INTERN UTLYSING - Vikariat som teamleiar i FACT
1
Heiltid
Vikar
100
4986767090
Arbeidsoppgåver
- Delta i team- og tavlemøter etter FACT-metodikk.
- Drive rettleiing, terapeutisk arbeid og individualterap
- Sikre at brukar får oppfølging i tråd med modellbeskrivinga, recovery-orientert praksis, samt gjeldande lover og forskrifter.
- Delta i tverrfagleg samarbeid både internt i teamet og med eksterne samarbeidspartnarar.
- Rapportere både skriftleg og munnleg.
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
- Opplæring i å arbeide etter FACT metodikk.
- Vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rusarbeid.
-
Erfaring med oppsøkjande arbeid innan psykisk helse og/eller rus.
-
God digital kompetanse.
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og positiv til endringar.
-
Har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter.
- Arbeider godt i team, men likar og å arbeide sjølvstendig.
- Er målretta og strukturert med god gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
- Eit lærerikt og inkluderande arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse.
- Rettleiing, undervisning og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
- Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
-
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Marie Bakke på tlf. 40022692.
Kontaktinformasjon
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/