Helleveien 30, 5045 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Internasjonal koordinator (førstekonsulent)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 31. august
Om stillinga og seksjonen
Er du engasjert, strukturert og glad i å jobbe i eit internasjonalt miljø? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi ser etter deg som vil bidra til å gi studentar internasjonale moglegheiter og som trivst med ein variert og travel kvardag.
NHH har ledig eit vikariat i 100 prosent som førstekonsulent frå 1. desember 2025 til 1. september 2026 med moglegheit for forlenging.
Som internasjonal koordinator ved NHH blir du ein nøkkelperson i arbeidet med å organisere og drifte høgskulen sine utvekslingsprogram. Du får jobbe tett med studentar og samarbeidspartnarar over heile verda – og vere med på å vidareutvikle NHH si rolle som leiande på studentmobilitet i Norge.
Stillinga er plassert i Seksjon for internasjonale relasjonar, som er ein del av Studieadministrativ avdeling. Arbeidsmiljøet er prega av samarbeid, godt humør og ein vilje til å tenke nytt. Du vil få kollegaer som deler kunnskap og erfaringar.
Hovudoppgåver
sakshandsame og administrere høgskulen sine utvekslingsprogram og internasjonale utdanningstilbod
rettleie og rådgje studentar som søkjer utveksling
Informere om og kommunisere ut høgskulen sine internasjonale utdanningstilbod
forvalte og administrere utvekslingsavtalar og kvalitetssikre avtaleportefølje
delta i andre arbeidsoppgåver på seksjonen ved behov
Du må rekne med endringar i arbeidsoppgåvene over tid.
Kvalifikasjonskrav
relevant høgare utdanning, minimum tilsvarande bachelorgrad (relevant realkompetanse kan i nokon tilfelle erstatte utdanningskravet)
god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
gode ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Det er ein føremon at du har
internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
sakshandsamarkompetanse
erfaring frå førstelineteneste/service
språkkunnskapar i andre framandspråk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har evne til
å jobbe strukturert og nøyaktig
å meistre høgt tempo og knappe fristar
å jobbe sjølvstendig så vel som i team
å opptre serviceinnstilt og imøtekomande
å vere utviklingsorientert og initiativrik
NHH tilbyr
jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige oppgåver
varierte oppgåver og utfordringar
eit triveleg og stimulerande arbeidsmiljø med gode kollegaer
fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv
gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
velferdsgode som subsidiert trening ved Sammen og bedriftshytte
Stillinga har kode 1408 - førstekonsulent og er lønna med kr. 520 000 til kr 560 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Astrid Foldal, [email protected] tlf. 55 95 96 88.
Søknadsfrist 31.08.2025.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
Om bedriften
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
http://www.nhh.no
Annonsedata
Stillingsnummer
9339d675-03f7-444d-b9be-5748f0512bb0
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10259856
Report job