Postboks 102, 6151 Ørsta, Julsundvegen 9, 6412 Molde, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Stillingstittel
Jordskiftedommerfullmektig
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 21. september
Om stillinga
Noregs domstolar er den tredje statsmakta og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane tek avgjerder som har mykje å seie både for enkeltmenneske og for samfunnet.
Har du jordskiftefagleg bakgrunn og i tillegg likar ein svært variert kvardag? Då bør du vurdere å bli jordskiftedommarfullmektig!
Her må du vere like komfortabel i innesko som i fjellstøvlar, for du kan like gjerne leie ei rettssak på kontoret som å delta i teknisk arbeid i marka under rettsmøte eller ved rettsmekling. Du vil arbeide med heile spekteret av jordskiftefaget, og du vil få ei bratt læringskurve. Arbeidet er truleg meir sjølvstendig enn du trur, samstundes som du har eit fagleg nettverk å støtte deg på.
Variasjon får du også gjennom dei ulike partane du vil møte, nokre av dei er sjølvprosederande. Det stiller ekstra krav til dine mellommenneskelege eigenskapar og evne til å kommunisere med og skape tillit overfor kven det måtte vere.
Stillinga som jordskiftedommarfullmektig er tidsavgrensa til tre år, med moglegheit for eitt års forlenging.
På www.domstol.no kan du sjå kva nokre kollegaer i jordskiftedomstolane fortel om stillingane sine.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er ei opplæringsstilling, og skal gi deg relevant kompetanse og eit godt grunnlag for å søke stilling som jordskiftedommar seinare. Det er utarbeidd opplæringsplan, og det er eit mål at du som jordskiftedommarfullmektig raskt kan bli gitt alminneleg fullmakt til å styre jordskiftesaker som jordskiftedommar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere:
Planleggje for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
Leie rettsmøte og rettsmeklingar
Skrive avgjerder i eigne saker
Bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Stillinga medfører reiseaktivitet og du må rekne med å delta i saksarbeid ved alle rettsstadane i domstolen. Domstolen har eigen tenestebil. Det er derfor eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle blir gitt etter statens reiseregulativ.
Kven er du?
Vi søkjer deg som:
har jordskiftefagleg utdanning på masternivå, som tilfredsstiller fastsette kompetansekrav som jordskiftedommar
har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk
har evne til å sjå moglegheiter digitale verktøy gir for å effektivisere arbeidsprosessar
Personlege eigenskapar:
Du har høg etisk standard og integritet.
Du er fagleg dyktig, set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og har god vurderingsevne.
Du arbeider sjølvstendig og er i stand til å ta vanskelege avgjerder.
Du leverer kvalitet, er effektiv og bidreg til god framdrift i sakene.
Du kommuniserer godt med partar og aktørar. Mange av partane du vil jobbe med fører saka si sjølve, noko som krev ekstra rettleiing og eit folkeleg språk.
Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Synfaringar ute og i marka er ein del av arbeidskvardagen. Du må difor ha normalt god fysisk helse.
Du må vere norsk statsborgar. Uttømmande politiattest vil bli henta inn.
Kva tilbyr vi?
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
eigen mentor i domstolen
du vil lære mykje nytt! Vi er opptekne av å utvikle din kompetanse
nasjonale og regionale fagsamlingar og godt nettverk
variert arbeidsdag med noko feltarbeid
ordningar for fri, avspasering og moglegheit for trening i arbeidstida
tittelen jordskiftedommarfullmektig og løn etter Hovudtariffavtalane i staten med konkurransedyktige vilkår og ein av marknadens beste pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
ved alminneleg fullmakt til å styre eigne saker blir det gitt eit lønnstillegg
trygg arbeidsplass innanfor statens rammer og avtaleverk
Stillinga skal først og fremst bidra til å gi deg kompetanse for å kunne utøve dommarrolla, men du vil også få ei viss innføring i teknisk arbeid. Du blir del av eit nettverk av jordskiftedommarfullmektigar fordelt over heile landet.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV-en. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov.
Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Kontaktperson for stillingen
Asbjørn Rogne
Jordskifterettsleiar
+4797694840
[email protected]
Om bedriften
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 tilsette. Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med om lag 230 tilsette. Du kan lese meir om jordskifterettane på www.domstol.no/jordskifterettene.
Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedomar, organiserer felles bruk av eigedomar, klargjer rettsforhold og grenser til fast eigedom, og gjennomfører ei rekke skjønn.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og myndigheiter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av myndigheiter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar verdset vi kompetanse høgt. Når vi sparrar og diskuterer faget, blir ikkje berre avgjerdene betre, det skaper også felles læring og ein meir interessant arbeidskvardag.
Arbeidskvardagen er dessutan prega av variasjon. Ein dag er vi ute på befaring eller fastset grenser, ein annan dag leiar vi retten eller er på kontoret og skriv dom. Med andre ord trivst vi i både støvlar og sko.
Møre og Romsdal jordskifterett har i dag 19 tilsette fordelt på rettsstadane Ørsta, Molde og Surnadal. Arbeidsplassen for denne stillinga vil vere knytt til ein av rettsstadane etter ditt ønskje. Vi samarbeider mykje og godt mellom rettsstadene, og du vil få anledning til å arbeide tett med alle kollegaene. Jordskiftesoknet omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal fylke, samt Rindal kommune i Trøndelag.
Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handtert i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheit til å bli unntatt frå denne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.domstol.no/no/domstoler/jordskifterett/more-og-romsdal-jordskifterett/
Annonsedata
Stillingsnummer
b36a6ab8-e5f0-4793-b834-cbcdf73b0003
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10260485
Report job