Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
under 18 år
for ungdom
helse og omsorg
sykehjem
ledige stillinger i
ledige stillinger apotektekniker
kundeservice
16 år
butikkmedarbeider
english
Vestland
Oslo
Akershus
Bergen
Fredrikstad
Innlandet
Sandefjord
Arendal
Møre og Romsdal

Juridisk rådgivar

Helse Bergen
Vestland
4 dager siden

Om stillinga

Vil du vere med og forme framtidas sjukehus?

Har du lyst til å bruke kunnskapen din til noko som verkeleg betyr noko - nemleg å bidra til utviklinga av framtidas sjukehus? Da bør du sjå nærare på denne moglegheita!

Arealkontoret er ein del av Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og spelar ei sentral rolle i å planleggje og forvalte sjukehusareala våre. Vi sørger for at avdelingane får dei areala dei treng, at leigeavtalar med eksterne aktørar er på plass, og at eigedomsporteføjen til føretaket blir forvalta på ein trygg og framtidsretta måte. Vi har også ansvar for eigedomstransaksjonar og juridiske spørsmål knytt til eigedom.

Helse Bergen HF eig over 530 000 m² eigedom, og leiger i tillegg om lag 50 000 m² fordelt på meir enn 70 avtalar. Dette inneber eit omfattande og komplekst forvaltingsansvar, og stillinga gir dermed varierte og samfunnsrelevante arbeidsoppgåver for den rette kandidaten.

Arealkontoret er organisert under avdelinga Arealforvalting, saman med Bustadkontoret. Seksjonen vår tel seks tilsette med ulik fagbakgrunn - og saman utgjer vi eit tverrfagleg team som samarbeider tett med både medisinske og tekniske fagmiljø.

Hos oss får du vere ein del av eit miljø der fagleg styrke, godt samarbeid og høgt tempo går hand i hand med humor og arbeidsglede. Du får jobbe med oppgåver som har stor betydning for mange – og vere med å setje retning for utviklinga av helseføretaket våre i åra som kjem.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

27.08.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Juridisk rådgivar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5000098006

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få ansvar for di eiga portefølje av eigedomar, og jobbe både operativt og strategisk med forvaltning.

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Inngåing og oppfølgning av leigekontraktar
  • koordinering av ombyggingar og tilrettelegging av lokale
  • Kjøp og sal av eigedom
  • Handtering av juridiske spørsmål knyt til føretaket sin eigedomsmasse
  • Utarbeiding av notat og saksframlegg til føretaksleiing og styre

Stillinga inneber stor grad av sjølvstendig arbeid, og kvardagen er variert og prega av høgt tempo

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen
  • Erfaring frå eigedomsforvalting er ein fordel
  • Kjennskap til kontraktsforhandlingar og utarbeiding av kontraktar er ønskeleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit aktivt, tverrfagleg og til tider hektisk arbeidsmiljø
  • Du jobbar strukturert, sjølvstendig - og samarbeider godt med andre
  • Du har god skriftleg framstillingsevne
  • Du er initiativrik, løysingsorientert og bidreg positivt både fagleg og sosialt

Har du desse eigenskapene - og den rette kompetansen - håper vi du søkjer.

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit i vurderinga av kandidatar.

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • Spennande oppgåver på tvers av fag og rettsområde
  • Stor grad av ansvar og moglegheit for påverknad
  • Fleksitid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for fagleg påfyll gjennom kurs og seminar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 32, 5096 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Cecilie Magnus Meland
Avdelingssjef
Telefon:
95742056

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Rådgivar

DeepOcean
Vestland
Kven er vi? I Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar vi for at færre skal oppleve speleproblem, at det skal bli enklare å drive...
3 dager siden

Juridisk teknolog

Digitaliseringsdirektoratet
Nordland
  • erfaring med å jobbe tverrfaglig, gjerne i team, i...
  • er fremoverlent, åpen og nysgjerrig med interesse for...
3 dager siden

Førstekonsulent ved Det juridiske fakultet

UiT Norges arktiske universitet
Troms
Ved UiT Norges Arktiske Universitet, Det juridiske fakultet, er det ledig en 100 % fast stilling som førstekonsulent i stabs- og...
1 uke siden

Underdirektør, Juridisk avdeling

Skatteetaten
Oslo
Høres det givende ut å jobbe et sted med et inspirerende samfunnsoppdrag? Da tror vi du vil trives hos oss! Vi kan friste med...
3 uker siden

Butikkselger deltid Dressmann Drammen, Gulskogen

Dressmann
Buskerud
Du må være opptatt av kundene og like å sette sammen kombinasjoner av antrekk tilpasset hver enkelt og til ulike anledninger.​...
3 dager siden

Lagermedarbeider hos Gamezone AS

DeepOcean
Kristiansand
God fysisk form - Du trives med å gå og plukke Det vil være behov for 1-2 dager i uken og sesongarbeid med fulle uker i perioden...
4 dager siden

Søker flere Lastebil sjåfører for kl CE i Oslo og Akershus område.

DeepOcean
Oslo
Lastebil Transport Sentral AS Lastebil Transport Sentral As ble etablert år 2018 og har base i Oslo Vi er et mellomstort...
2 dager siden

Morsom jobb i butikk - Nille sandvika Storsenter

DeepOcean
Akershus
Er du en sosial person som elsker å yte god service? Har du lyst på en jobb der du kan vise frem dine salgsevner og hjelpe kunder...
4 dager siden

Destination Strategy Manager, Scandic Destination Nordkapp, heltid

Scandic Hotels
Finnmark
Hvert år besøker mer enn 250 000 mennesker oss på Scandic Destination Nordkapp, og vi står på for å gi dem et minneverdig eventyr...
3 dager siden

Helsesekretær/Sekretær

Oslo universitetssykehus
Oslo
  • Betjene ekspedisjon med mottak av pasienter, pårørende og...
  • For å trives med arbeidsoppgaver hos oss, ser vi etter deg...
3 dager siden