Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar.
Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 184 500 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Vi har ledig stilling med ein stillingsgrad på 25%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar til vår kafe. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 16 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse
- produksjon av varm og kald mat
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med matlaging og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i kafeen og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Hallvard Barmen 45482147
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 24.08.25