Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
17 år
under 18
ledige stillinger i
14 år
16 år
renhold
under 18 år
for ungdom
butikkmedarbeider
kontor
Akershus
Oslo
Vestland
Buskerud
Bergen
Møre og Romsdal
Østfold
Ålesund
Rogaland

Kommunalsjef sektor samfunnsutvikling

DeepOcean
Vestland
Full time
1 dag siden
Alver kommune

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Kommunalsjef sektor samfunnsutvikling

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 28. september

Om stillinga og Alver kommune

Alver kommune er ein attraktiv vekstkommune med over 30 000 innbyggarar. Alver grensar til storbyen Bergen. Med Mongstad som eitt av Noregs største næringsområde og ei sentral plassering i regionen, har vi eit unikt utgangspunkt for vidare utvikling. Vi står no midt i ei spanande omstillings- og endringsprosess for å sikre ein berekraftig økonomi og gode tenester for innbyggjarane våre. No søkjer vi ein strategisk og engasjert leiar som vil vere med å forme framtidas Alver.

Som kommunalsjef for samfunnsutvikling får du det overordna ansvaret for samfunnsutviklingssektoren. Dette omfattar plan, byggjesak, eigedom, næring, kultur, teknisk drift, brann og redning, landbruk, miljø samt vatn og avløp. Stillinga er del av toppleiargruppa til kommunedirektøren, og du får ei nøkkelrolle i å utvikle både tenestene, organisasjonen og heile kommunen.

Dine hovudoppgåver
Lede og vidareutvikle samfunnsutviklingssektoren med breitt fagleg ansvar.
Bidra strategisk til kommunens omstillingsarbeid og sikre ein berekraftig økonomi.
Leggje til rette for lokal nærings- og samfunnsutvikling i tråd med samfunnsdelen i kommuneplanen.
Ta initiativ til og leie utviklingsprosessar innan fag og organisasjon.
Sikre godt samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, folkevalde, regionale og statlege aktørar.
Ha overordna personal-, fag- og økonomiansvar, inkludert budsjettoppfølging og kontinuerleg tenesteforbetring.
Bidra til positiv omdømmebygging og synleggjering av Alver kommune som ein attraktiv samfunnsaktør.

Vi ser etter deg som har
Relevant høgare utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne offentleg sektor.
Dokumenterte resultat frå endrings- og omstillingsprosessar.
Erfaring med politiske prosessar og samspel mellom administrasjon og folkevalde.
God økonomiforståing og erfaring med mål- og resultatstyring.
Kjennskap til relevant lovverk, samfunnstryggleik, beredskap og digitalisering.
Erfaring med strategisk kommunikasjon og mediehandtering

Kven er du?

Vi ser etter ein inkluderande og tillitsskapande leiar som:
Er strategisk, analytisk og heilskapleg i tenkinga.
Har høg gjennomføringsevne og handterer komplekse oppgåver under press.
Er ein dyktig kommunikatør og relasjonsbyggjar.
Er innovativ, nytenkjande og opptatt av utvikling.
Har høg integritet og god rolleforståing i det politisk-administrative landskapet.

Me tilbyr
Ei sentral rolle i utviklinga av ein kommune i vekst og omstilling.
Ein plass i ei toppleiargruppe prega av kompetanse, engasjement og høgt tempo.
Varierte leiaroppgåver og strategisk påverknad.
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

Fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Christian Fredrik Fotland

Kommunedirektør

+4799121809

[email protected]

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Nettsted

https://www.alver.kommune.no/

Annonsedata

Stillingsnummer

3d26c640-f3a0-464c-b2b7-2f0a237b9865

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10260548
Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Kommunalsjef oppvekst og kultur

DeepOcean
Møre og Romsdal
Vi ser etter deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og utvikle Sande kommune saman med dyktige...
3 dager siden

Dekkcenter Villanger søker mekaniker til tung sektor dekk og felg

DeepOcean
Bergen
First Stop Dekkcenter Villanger Avd Blomsterdalen søker dekkmontør til tyngre kjøretøy. Vi ser etter en person som kan være med...
1 uke siden

Kommunalsjef helse og mestring

Meløy kommune
Nordland
Vil du være med å skape fremtidens helsetjenester i en kommune? Da har vi lederjobben for deg – med stort ansvar, dyktige folk og...
1 uke siden

Kommunalsjef for oppvekst og kultur

DeepOcean
Troms
Vil du lede utviklingen av et oppvekstmiljø som gir barn og unge mestring og muligheter? I Skjervøy kommune er vi stolte av å være...
5 dager siden

Senior Javautvikler Offentlig-sektor (prosjektvarighet til 2028)

Sopra Steria
Vestland
Vi jobber både med lokale og nasjonale prosjekter, og fordi vi er det største konsulentselskapet i Norge vil du alltid ha tilgang...
3 uker siden

Spennende stilling innen samfunnsutvikling

DeepOcean
Innlandet
Tjenesteområde strategi og utvikling er et nytt tjenesteområde der vi har samlet fagfeltene: boligutvikling, plan, klima og miljø,...
2 uker siden

Butikkmedarbeidar/ Blomsterdekoratør

DeepOcean
Vestland
Du må kunna jobba dagtid, kveld og helg. Du må vera fleksibel, positiv, serviceinnstilt og ikkje minst lærevillig. Du må kunne...
1 dag siden

Elkjøp Ski Senior Sales Advisor og Senior Service Advisor

Elkjøp
Akershus
  • Jobbe proaktivt for å representere Elkjøp på best mulig...
  • Strukturert og målrettet, og du vet hvordan du skal jobbe...
1 dag siden

Helsefagarbeider til spesielt tilrettelagt avdeling

Stavanger Kommune
Rogaland
  • Sammen med pedagogisk leder og det øvrige personalet på...
  • Arbeide målrettet og systematisk med å inkludere barn i lek...
1 dag siden

Salgsmedarbeider hos Norli Universitetsgaten

Norli Libris AS
Oslo
Vi søker deg som har salgstalent og er opptatt av god kundebehandling For at vi skal kunne gi kundene best mulig behandling og...
1 dag siden