Seljord barne- og ungdomsskule er ein 10-årig skule som ligg i Seljord sentrum. Skulen har ca. 265 elevar, er sentralt plassert og har eit stort uteområde. I nærleiken finn du kulturhus, idrettshall, bibliotek og fleire idrettsanlegg til bruk både sommar og vinter.
Vi har ledig vikariat som vernepleiar på ungdomsskulen frå 01.12.2025 - 31.12.2026. Det er mogleg vikariatet kan bli forlenga. Stillinga er knytt til elevar med særskilte behov. Stillinga følgjer skuleruta.
Vi ser etter deg som
- har interesse for å jobbe med barn og ungdom i skulen
- er god både til å samarbeide med kollegaer, heimar og teamet kring barnet
- tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig når det er behov for det
- er kreativ, ser moglegheiter og løysingar
- har gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg
Ungdomsskulen er ein to-parallell og har ca. 130 elevar. Skulen har for tida fleire elevar med særskilte behov og har fleire tilsette vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar. Du vil få fagansvar for ein eller fleire elevar. Du vil ha ansvaret for planarbeid, delta i tverrfaglege møter og samarbeide med ulike instansar. Du vil ha tett samarbeid med kontaktlærar og heimen for å legge opp ein best mogleg kvardag for elevane.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning som vernepleier eller liknande relevant, høgare utdanning
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass med dyktige kollegaer!
Den som blir tilsette må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
Den skal ikkje sendast med søknaden.
Skulen har nynorsk som målform.
Har du spørsmål til stillinga ta kontakt med:
Ingunn Haugland, rektor tlf.: 924 24 086
Audny Barstad, assisterande rektor ungdomstrinnet tlf.: 480 57 027
Velkomen som søkjar hos oss!
Vi tilbyr
- Løn etter Hovudtariffavtala
- Pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
Søknadsfrist: 01.09.2025
Kontakt
Rektor
Ingunn haugland
Telefon: 92 42 40 86
Søk her