Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
16 år
sommerjobb 2025
butikkmedarbeider
ledige stillinger i barnehage
under 18 år
for ungdom
hr
ungdom
ledige stillinger i
sats
Oslo
Bergen
Oslo kommune
Trondheim
Stavanger
Lier kommune
Askim
Fredrikstad
Notodden
Vestby
Drammen
Norge
Lørenskog kommune
Stjørdal
Kristiansand
Apply

Lærar ved Vang barne- og ungdomsskule - 80 % vikariat

DeepOcean
Buskerud
Part time
2 dager siden
Vang barne - og ungdomsskule, Vang Kommune, Utdanning og kultur

Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Lærar i 80 % vikariat ved Vang barne- og ungdomsskule

Oppstart

31. juli 2025

Type ansettelse

Vikariat, deltid 80%

Arbeidstid

Dagtid, ukedager

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest torsdag 19. juni

Er du vår nye kollega? For skuleåret 25/26 har me ledig 80 % lærarstilling. Undervisningsfag vil vere musikk for alle trinn, musikk i kombinasjon med andre fag kan også vere aktuelt.

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar. Skulen har eit introduksjonstilbod for nyankomne elevar frå Vang mottakssenter. Vil du bli del av eit godt og profesjonelt læringsmiljø som har fokus på læring, utvikling og trivsel, kan dette vere skulen for deg.
Me ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det er viktig at du møter elevane med omsorg, tryggleik og tydelege forventingar.

Sjå artikkel om Vang barne- og ungdomsskule i Utdanningsnytt av 29.09.23: https://www.utdanningsnytt.no/barnehage-kvalifiserte-laerere/kvalifiserte-laerere-her-er-superkommunen/374717

Vang er ei utviklingsorientert skulekommune, der eleven si læring og utvikling står i sentrum. Me har spesielt fokus på god undervisningspraksis og inkludering. Me søkjer etter deg som er fagleg sterk og engasjert lærar, og som brenn for elevane si læring og trivsel!

Kva kan me tilby?

To-lærar system i nesten alle fag/timar
100 % dekning med kvalifiserte lærarar
Ein nyrenovert skule med stor fleirbrukshall (klatrevegg, basseng mm)
Arbeidsplass med flotte uteareal og tilgang til natur og friluftsliv frå dørstokken
Fokus på aktiv læring og bruk av naturen
Friluftsaktivitetar, oppleving og utflukter på alle trinn
Ei allsidig personalgruppe med svært godt arbeidsmiljø!
Fleire sosiale (frivillige) aktivitetar kvar veke etter skuletid
Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
Eit svært bredt fagmiljø med lærarar, fagarbeidarar, pedagogar, helsesjukepleiar, spesialpedagogar, skulebibliotekar og vernepleiarar
I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
Me kan hjelpe til å ordne bustad
Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår

Det kan bli aktuelt med prøveundervisning som del av vurderingsgrunnlaget i rekrutteringsprosessen.

Arbeidsoppgåver
Planlegge og lede elevens læring, individuelt og i team
Delta og medverke i skulens profesjonsfellesskap
Delta og omsette skulens utviklingsarbeid i praksis
Medvirke til eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt skule-heim-samarbeid.

Kvalifikasjonar
Opplæringslovas krav om fagleg og pedagogisk kompetanse må vere oppfyld for å få stilling som lærar
Fordel med utdanning innan musikk
God digital kompetanse
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
Fleksibel, positiv og løysingsorientert
Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane. Syte for samanheng i fagleg og sosial læring.
Gode kommunikasjonsevner

Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Ola Erik Heen Moe, Rektor VBU, 91161741, [email protected]

Arbeidssted
Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 4981424144
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 19.06.2025

Kontaktperson for stillingen

Ola Erik Heen Moe

Rektor VBU

91161741

[email protected]

Om bedriften

Vang kommune som arbeidsgjevar:
Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.

Å bu i Vang kommune:
Ei storstilt satsing på barn og unge!
Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
Helse og omsorgstenester av god kvalitet
Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Sektor

Offentlig

Nettsted

http://www.vang.kommune.no

Annonsedata

Hentet fra

talentech

Referanse

f0518c8dd86d4deda0767fc80856b485
Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Vernepleiar ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % vikariat

DeepOcean
Buskerud
Vang barne - og ungdomsskule søkjer etter vernepleiar i 100 % vikariat for perioda 01.08.25 tom 26.02.26 Iverksette og gjennomføre...
2 dager siden

Lærar ved Eidsdal skule

DeepOcean
Møre og Romsdal
Eidsdal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1 Skulen har rundt 50 elevar som kjem frå bygdene Eidsdal og...
1 dag siden

Vikariat barne- og ungdomsarbeider - Dombås barnehage

DeepOcean
Innlandet
Vikariat som barne- og ungdomsarbeider i 100 % stilling Jobbe som barne- og ungdomsarbeider på avdeling Nærmere opplysninger om...
1 dag siden

Barne og ungdomsarbeider/ assistent

DeepOcean
Region Midtjylland
BARNE OG UNGDOMSARBEIDER/ ASSISTENT På grunn av økt barneantall søker vi etter 100 % barne og ungdomsarbeider/ assistent på 0-3...
4 dager siden

Barne- og ungdomsarbeidar, vikariat ved Giske barnehage

DeepOcean
Buskerud
Giske barnehage har ledig to vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.2025 Satsingsområdet i oppvekst i...
1 dag siden