Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som matros i sambandet Brekstad - Valset, pt. MF Vestrått.
Skiftordning: 2 veker på (med fri lørdag og søndag) og 2 veker av.
Det er moglegheiter for å bu om bord i dei to vekene ein har arbeidsperiode.
Hybel er tilgjengelig i gangavstand frå ferjeleiet.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
07.08.2025
Fjord1 AS
Ørland, Agdenes
Matros i sambandet Brekstad - Valset, pt. MF Vestrått
1
Heiltid
Fast
100
4996260724
Arbeidsoppgåver
- Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
- Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
- Oppgåver iht. alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Kundebehandling
- Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna
Kvalifikasjonar
- Ferdighetssertifikat Matros
- Ferdighetssertifikat Hurtiggåande MOB-båt
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
-
Fv710 90
7318 Agdenes
Norge
Kontaktinformasjon
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.