Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
for ungdom
restaurant
under 18 år
barnehage
ledige stillinger i
barne og ungdomsarbeider
16 år
renhold
kokk
butikkmedarbeider
Oslo
Bergen
Oslo kommune
Trondheim
Stavanger
Levanger
Øygarden kommune
Hamar kommune
Indre Østfold kommune
Mo i Rana
Fredrikstad
Kristiansand
Norge
Haugesund
Drammen
Apply

Miljørettleiar/fagarbeidar/assistent

DeepOcean
Vestland
Part time
4 dager siden
Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule

Tangvegen 7, 6869 Hafslo, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Type ansettelse

Vikariat, deltid 44%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

2

Søk senest lørdag 14. juni

Vil du vere med å forme Hafslo barne- og ungdomsskule sin SFO? Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet, er ein 1-10 skule med rundt 220 elevar. I SFO er det frå hausten 2025 over 70 born, 12 tilsette og ein SFO-koordinator. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen og SFO har lett tilgjenge til. Me meinar at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Difor ynskjer me nye tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. Alle nytilsette og nyutdanna vert godt ivareteken og får oppfølging av mentor. På grunn av auke av born hausten 2025 treng me fleire omsorgsfulle vaksne på SFO.

«Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø»

Ledige stillingar:
To vikariat à inntil 44 % som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent på SFO i perioden 14.08.25-31.07.26
Arbeidstid: Måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl 13.15-16.30, og fredag kl 13.00-16.30

Arbeidsoppgåver:
Vere den trygge vaksne som ser barna, er med dei, deltek i samtale og leik
Du vil ha eit tett samarbeid med dine kollegaer om planlegging av innhald og gjennomføring av kvardagen på skule og SFO
Kommunikasjon med foreldre ved henting

Krav til kompetanse:
Miljørettleiar m/høgskuleutdanning, fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeid, eller anna relevant utdanning
Me legg vekt på personlege eigenskapar og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
Me ser etter personar som tek initiativ, er positive og inkluderande, ser elevane og er med dei, tek ansvar og som tenkjer heilskapleg omkring elevutfordringar

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
Gode samarbeidsevner, tek initiativ og ansvar, positiv og inkluderande
Ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov
Vere fleksible og skape gode relasjonar til både barn, foreldre og kollegaer
Likar å vera ute og ha ein aktiv kvardag
Bidra til at Sfo er ein god stad å vere
Me kan tilby
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen

Hilde Holte Selland

+47 91178041

[email protected]

Om bedriften
Hafslo barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet. Skulen er ein 1-10 skule, og har jamt over elevtal på 210 og ca 40 tilsette i skule og SFO. I SFO er det ca 60 born. Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er praksiskule og Lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet. Skulen sin visjon er "Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø" Skulen jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. Hafslo barne- og ungdomsskule er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjengeleg.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3510413_219717_nn
Save Apply
Report job