Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
16 år
internship
renhold
for ungdom
english language jobs
under 18 år
butikk
ledige stillinger i
butikkmedarbeider
natt
Oslo
Akershus
Vestland
Tønsberg
Sandefjord
Skien
Haugesund
Porsgrunn
Trondheim

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer nyutdanna og erfarne sivilingeniørar innan geoteknikk

Norconsult
Vestland
Full time
1 uke siden
Ønskjer du å medverke til «tryggare grunn»?
Vi ser etter deg som er motivert til å bli vår neste ingeniør innan geoteknikk, og som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i Sogn og Fjordane, og på Vestlandet.
Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge, der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.
Vi tilbyr komplette tenester innan geoteknikk frå moglegheitsstudie og prosjektering til oppfølging under bygging. Som geoteknikar hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe mot spennande tverrfaglege prosjekt i både Norge og utland. Vi er stolte av eit tett samarbeid på tvers av regionar og kontorlokalitetar i Norconsult.
I Sogn og Fjordane har Norconsult kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
I Sogn og Fjordane samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.
Det geotekniske miljøet i Norconsult har ein stor andel seniorar som er fremst i faget i Norge, som bidreg til erfaringsutveksling og gir oss moglegheiter til å ta på oss spennande prosjekt.
I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag geoteknikarar på Sandane og i Sogndal. Vi ønskjer først og fremst søkarar til desse lokasjonane, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag:
Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo
og med eigen episode frå Sogndal:
Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal
For oss er det viktig at du:
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Er engasjert, positiv, initiativrik og motiverande
  • Er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst og likar å dele din kompetanse med andre
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team
  • Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
  • Sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) med spesialisering innan geoteknikk
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Førarkort kl. B.
Hjå oss får du:
  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
  • Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
  • Eit uformelt, triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med sterk tverrfagleg kultur på tvers av organisasjon og geografi
  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Bonus knytta til selskapet sine resultat
  • Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fri heile jule- og påskeveka
  • Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august, 11 veker

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med avdelingsleiar Arne Moen (mob.: 91 69 94 82),
[email protected]
.

Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 600 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. første kvartal 2025).
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.
Location
Sogndal
Application Deadline
2025-09-15
Contact person before this position
Name:
Arne Moen
Phone:
+47 91 69 94 82
Email:
[email protected]
Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Glass og fasade montør

DeepOcean
Haugesund
Kraft Glass & Aluminium As Årabrotsveien 21 D, 5515 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Glass og fasade...
1 uke siden

Resepsjonist og butikkmedarbeider

DeepOcean
Vestland
Du som er imøtekommende og tar godt vare på kundene. Besvare telefon, ta i.ot bestillinger,selge produkter, dagsoppgjør og renhold...
2 dager siden

Malere Gjøvik og Hamar

DeepOcean
Hamar
Gbs Malerservice As ønsker flere ansatte for innvendig og utvendig malerarbeid Gbs har avdeling både i Gjøvik og på Hamar. Vi ser...
5 dager siden

Søker flere Lastebil sjåfører for kl CE i Oslo og Akershus område.

DeepOcean
Oslo
Lastebil Transport Sentral AS Lastebil Transport Sentral As ble etablert år 2018 og har base i Oslo Vi er et mellomstort...
3 dager siden

Cafe Avec søker deg som er glad i å jobbe og som presterer godt i en hektisk hverdag.

DeepOcean
Troms
En hektisk men gøy arbeidsdag hvor du møter mange hyggelige kunder der ingen dager er lik. Cafe Avec er en cafe som ligger i...
1 uke siden

Dyktig og engasjerte servitører søkes

DeepOcean
Troms
Du er engasjert, har fokus på kvalitet og ønsker høy standard. Er innstilt på at vaktene er på kveldstid og i helger. Vi har høyt...
2 uker siden

Barne- og ungdomsarbeider

DeepOcean
Tromsø
Vi har ledig en fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeider fra 01.09.2025 Tusseladden friluftsbarnehage er organisert som et...
1 uke siden

En trivelig og utadvendt deltidsmedarbeider

DeepOcean
Innlandet
Vi skal nå satse videre og mye mere på vår stasjon på Raufoss Det vi ser etter er en blid og utadvendt person som byr litt på seg...
3 uker siden

blid og hyggelig Butikkmedarbeider Kasse

NorgesGruppen
Nordland
I EUROSPAR legger vi vekt på lokal tilhørighet og vi søker deg som vil være med å skape den beste lokale handleopplevelsen, hver...
3 uker siden

Selvstendig sjåfør i Drammen, Lillestrøm,Kongsviger og Oslo

DineHome
Drammen
kr 500 - kr 30 000
DineHome søker sjåfører med egen bil – og godt humør DineHome vokser raskt, og vi trenger flere dyktige og selvstendige sjåfører i...
3 uker siden