Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
farmasøyt
under 18 år
16 år
ledige stillinger i hjemmetjenesten
vekter
butikkmedarbeider
ledige stillinger i
for ungdom
barnehageassistent
psykisk helse
Vestland
Oslo
Akershus
Bergen
Fredrikstad
Innlandet
Sandefjord
Arendal
Møre og Romsdal

NVE søkjer administrativ koordinator til regionkontoret i Førde

DeepOcean
Vestland
Full time
5 dager siden
Region Vest, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Koordinator

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 31. august

Vi søkjer deg som kan bidra inn på den administrative sida av verksemda. Du vil vere ein tilretteleggjar og bidragsytar inn i mange av dei pågåande prosjekta våre, bidra i beredskap ved flaum- og skredhendingar, og vere ei støtte til regionsjefen i den daglege drifta av regionkontoret.

NVE skal bidra til ei heilskapleg forvaltning av vassdraga våre, fremje sikker kraftforsyning og betre evna samfunnet har til å handtere flaum- og skredrisiko. Desse oppgåvene blir viktige framover, både på grunn av energibehovet i samfunnet, og ikkje minst på grunn av aukande ekstremvêr med tilhøyrande flaum- og skredrisiko. Ved NVE sitt regionkontor i Førde har vi eit breitt, tverrfagleg miljø som arbeider med dei fleste av NVE sine viktige oppgåver.

NVE gjennomfører sikringstiltak mot naturfare med planlegging, prosjektering og utføring, i tett samarbeid med kommunane. Sikringseininga bidreg med rettleiing og sikringstiltak i vassdrag og skredutsette område, og dessutan handtering av beredskapssituasjonar. NVE si rolle i beredskap handlar i hovudsak om å gi råd og hjelp til kommunar, politi og andre samvirkeaktørar, forme ut vedtak, informere og ha oversikt over situasjonar knytta til vårt fagansvar. Arealplanseksjonen gir uttalar/føresegner til kommunar i plansaker, for å hindre utbygging i faresoner. Medarbeidarane våre har behov for bistand til prosjekta med m.a. arkivering, vidareutvikling av kvalitetssystem, referatskriving, og anna administrativ støtte. Det vil også vere aktuelt med annan type administrativt arbeid og støtte til kontoret, som kontordrift, bilhald, superbrukar og support på ulike datasystem, osb.

Regionkontoret i Førde har ca. 40 tilsette. Du vil komme til eit entusiastisk og inkluderande arbeidsmiljø der vi løyser viktige oppgåver i fellesskap. NVE region Vest omfattar Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil avhenge av kvalifikasjonane dine og kan typisk vere:

bistå i den daglege drifta av regionkontoret

administrativ støtte for saksbehandlarar, prosjektleiarar og prosjektmedarbeidarar – deltaking i prosjektarbeid

avlaste og leggje til rette for saksbehandlarar, m.a. med innhenting av kommunedata

arkivering, prosjektorganisering i P360, superbrukar og støtte til prosjektleiarar og saksbehandlarar

inngå i beredskapsgruppa til regionkontoret med loggføring, listeføring, superbrukar på loggføringssystem for kriseberedskap (RAYVN), osb.

ønskjeleg med lokalt IT ansvar og support

personaloppfølging ved tilsetjingar, fråtreding, jubileum, gjester, tilrettelegging for kontorplass, opplæring i administrative system («administrativ fadder»)

administrativ støtte for medarbeidarar ved regionkontoret ved større møte, konferansar, og andre arrangement

samarbeid med andre regionkontor og hovudkontoret og dessutan kunne avhjelpe andre regionkontor ved sjukdom, permisjonar o.a.
Kvalifikasjonar

Du må:
ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, eventuelt tilsvarande relevant erfaring

kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

I tillegg er det fordel om du har:
kunnskap om offentleg forvaltning

kunnskap om P360 eller andre arkiveringssystem

erfaring med leiarstøtte og generelt administrativt arbeid, gjerne frå offentleg sektor

gode IT-ferdigheiter og erfaring med relevante digitale verktøy, gjerne som superbrukar eller support

erfaring med beredskapsarbeid

førarkort klasse B
Personlige egenskaper
du er fleksibel og innstilt på å yte ekstra om det er nødvendig
du er systematisk og ansvarsmedviten, og evnar både å arbeide sjølvstendig og saman med andre

du er engasjert og tek initiativ

du er endringskompetent og ser moglegheiter

du er omgjengeleg og er oppteken av eit godt arbeidsmiljø

Personleg kvalifikasjonar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Som medarbeidar i NVE blir du ein del av ein sterk kunnskapsorganisasjon med eit utsrekt tverrfagleg miljø. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg utvikling, og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få variert og utfordrande oppgåver med innverknad på viktige samfunnsområde og ei stor kontaktflate.

Vi held til i trivelege kontorlokale sentralt i Førde. Der har vi tilbod om trening i arbeidstida, og eit aktivt bedriftsidrettslag. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk, og er opptekne av at medarbeidarane våre skal trivast og ha det godt på jobb i alle livsfasar. Vi har gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid), og medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår.

Tilsetjing i stillingskode rådgiver/seniorrådgiver (1434/1364), og årslønna di tilpasses kvalifikasjonane dine. Frå lønna blir trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det legg vi til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om delvis heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjere i samsvar med NVE sine gjeldande retningslinjer.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Kompetanse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi ønskjer at du legg ved vitnemål og attestar elektronisk til søknaden. Søknadspapir blir ikkje returnerte.

Kontaktinformasjon
Jostein Mårdalen, Regionsjef, 98283910
Anny Årdal, Rådgiver, 48251445
Benjamin Stabell, HR-kontakt, +47 91192023

Arbeidssted
Naustdalsvegen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Referansenr.: 4990029630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025

Kontaktpersoner for stillingen

Benjamin Stabell

HR-kontakt

+47 91192023

Anny Årdal

Rådgiver

48251445

Jostein Mårdalen

Regionsjef

98283910

Om bedriften

Me forvaltar Noregs vatn- og energiressursar til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørgja for at straumen blir levert, halda tilsyn med kraftbransjen, utvikla regelverk og behandla søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.

Me overvaker og varslar om naturfare for å hjelpa samfunnet med å handtera flaum og skredrisiko. Me er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driv med forsking.

NVE har mål om å vera ei klimamedviten og berekraftig verksemd og me jobbar aktivt med å redusera vårt eige klimafotavtrykk.

NVE har over 700 tilsette, med hovudkontoret i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Me er eit direktorat underlagt Energidepartementet.

NVEs samfunnsoppdrag omfattar kritisk infrastruktur og er underlagt tryggingslova (sikkerhetsloven). Førebyggjande tryggingsarbeid blir vektlagt, under dette tryggingsmessige kvalifikasjonane til dei tilsette.

Sektor

Offentlig

Nettsted

http://www.nve.no

Annonsedata

Stillingsnummer

08111223-5209-4d2d-961f-4454ab701259

Hentet fra

talentech

Referanse

5482de08e69748a49ad14e530bc4562c
Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

NVE Midt-Norge søker geotekniker til arbeid med å sikre samfunnet mot naturfare

DeepOcean
Trøndelag
Stillingen er fast og vil inngå i den regionale sikringsenheten som for tiden er 21 ansatte Du vil også bli en del av en gruppe...
1 uke siden

Vi trenger ryddehjelper til vinter sesongen

Zachariasbryggen / Ricks
Vestland
Vi ser muligens etter akkurat deg til vinter sesongen 2025/26 - stillingen er deltid Vi ønsker å utvide vår stab og trenger...
6 dager siden

Sjåfør klasse C til ny Scania med tømmerkran

DeepOcean
Buskerud
Søker sjåfør til vår nye Scania R500 med container og Palfinger tømmerkran som vi bruker på trefellingsoppdrag Vi jobber i Hamar,...
2 uker siden

Tannlege søkes til Dentalklinikken

Fluor Tannklinikk
Kristiansand
Hos oss får du muligheten til å være en del av et moderne og dynamisk arbeidsmiljø med fokus på kvalitet og pasientbehandling. Vi...
6 dager siden

Sushikokk/ Servitør / kjøkkenassistent søkes til Restaurant Bento Sushi Haugesund.

DeepOcean
Haugesund
Du er over 18 år, har erfaring, er positiv, snakker Norsk og takler høyt tempo Send CV og søknad til [email protected]
1 uke siden

Kokk søkes til Koreansk Restaurant Vika/ Tjuvholmen

DeepOcean
Oslo
Vi er en Koreansk restaurant som ligger i Vika, rett ved Aker Brygge. Erfaring med Koreansk mat er fordelHøy fokus på hygieneJobbe...
2 uker siden

Ringehjelp søkes til kafè på dagtid

DeepOcean
Moss
Vi søker en blid og serviceinnstilt ringehjelp til vår kafè, som kan steppe inn ved ferieavvikling, sykdom eller dager ved ekstra...
1 uke siden

Ekspedisjons medarbeider til vårt bakeri fredag kveld

DeepOcean
Drammen
Vi er så heldige at vi har mye å gjøre, så vi trenger derfor en pakker/fordeler til vår ekspedisjon Vi har et høyt tempo og er...
1 uke siden

Produksjonsarbeider til Rutanord AS

DeepOcean
Finnmark
Et ungt og lovende selskap søker ansatte til bearbeide hvitfisk og skalldyr. Vi ser etter arbeiderene som er klar å vokse og...
2 uker siden

Helsepersonell til Frankens omsorgsboliger

Eidsvoll kommune
Akershus
Frankens er hjemmet til 8 unge, unike og spesielle mennesker som hver eneste dag gir deg muligheten til De som bor på Frankens har...
3 uker siden