22.06.2025
Stad kommune
Nordfjordeid
Fast deltidsstilling ved Operahuset Nordfjord
1
Deltid
Fast
50
4977771635
Arbeidsoppgåver
- ansvar for design av marknadsføringsmateriell for arrangement i Operahuset Nordfjord , samt for andre fagområde i kulturavdelinga i Stad kommune
- jobbe med booking, annonsering, marknadsføring og sal av arrangement og billettar
- jobbe med planlegging og gjennomføring av arrangement i Operahuset Nordfjord
- arbeid på kveld og helg må påreknast
Kvalifikasjonar
Formalkompetanse:
- utdanning innan grafisk design og/eller marknadsføring
Krav om realkompetanse:
- erfaring med grafisk design
- erfaring med marknadsføring
- erfaring med arrangementsavvikling
- erfaring med kontraktsforhandlingar og/eller sal
- god IKT-kunnskap
- anna relevant realkompetanse kan spele positivt inn
Personlege eigenskapar
- ein positiv og raus lagspelar med gode samarbeidsevne
- sjølvstendig og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
- evne til å systematisk planlegge og organisere arbeidet
- evne til å tilpasse seg endringar, nye utfordringar innan teknologi, sosiale media og digitale plattformar og verktøy
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Vi tilbyr
- ein kjekk jobb i eit aktivt hus
- gode pensjons- og forsikringsordningar.
- løn etter tariff
Vi ber om at søkjaren lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/