UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk
Ved matematisk institutt er det ei ledig stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til FRIPRO prosjektet TIME4CO2, finansiert av Norges forskningsråd.
Er du ein høgt motivert kandidat som ser fram til å bli ein del av eit tverrfagleg forskingsmiljø der du kan fremje den nyaste utviklinga innan anvendt matematikk og matematisk modellering av CO2-lagring? Då kan dette vere den rette stillinga for deg!
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Om prosjektet TIME4CO2
- TIME4CO2 har som mål å fremje simuleringsteknologi for CO2-lagring, fange opp oppløysingsprosessar og konvektiv blanding, validert mot høgoppløyste komplekse laboratorieeksperiment på meterskala i FluidFlower.
- Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Matematisk institutt og Institutt for fysikk og teknologi.
- Prosjektet omfattar tre hovudaktivitetar: (i) utvikling av nye simuleringsteknikkar, (ii) høgoppløyste laboratorieforsøk av CO₂-lagring, og (iii) multiskala bileteanalyse av laboratoriedata.
Om arbeidsoppgåvene
- Den tiltrådde kandidaten vil hovudsaklig bidra til den første hovudaktiviteten i prosjektet, nemleg utvikling av nye numeriske simuleringar og validering av desse for modellering av CO2-lagring i heterogene reservoar, med fokus på blanding på tvers av romlege skalaer.
- Eksperimenter frå andre aktiviteter i TIME4CO2 vil gi kandidaten laboratoriedata som kan nyttast både til betre forståing og validering av resultata frå dei numeriske simuleringane.
- Som ein del av arbeidsoppgåvene forventar vi at maskinlæring vil bli brukt for å forbetre nøyaktigheita og effektiviteten til dei numeriske metodane, ved å kombinere avansert teknologi med vitskapleg forsking.
Om Matematisk institutt ved UiB
Denne ph.d -stillinga er knytt til gruppa for porøse media ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen. Denne gruppa har fem professorar, tre fast tilsette forskarar og normalt sett omkring 10 ph.d-studentar. Gruppa forskar i hovudsak utrekningsmetodar for prosessar knytt til porøse materialar, med særskild vekt på geologiske medium.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk, utrekningsvitskap («scientific computing»), utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 30.09.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- God kompetanse innan anvendt og berekningsorientert matematikk er eit krav.
- Erfaring med numeriske metodar for partielle differensiallikningar er ein fordel.
- Erfaring med samarbeidande/open-kjelde programvareutvikling er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Tilsetjingsperioden kan bli korta ned dersom du tidlegare har vore tilsett i ei kvalifiserande stilling (t.d. stipendiat, forskingsassistent).
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 541 800. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- Ein PDF-kopi av masteroppgåva di, dersom den er fullført, eller ein aktuell utkastversjon av masteroppgåva di.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forsker Dr. Jakub Both, Matematisk Institutt, Universitetet i Bergen, mail: [email protected], tel: +47 48066574
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgiver Magnus Skogstad, [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.
Søknadsfrist
23. juni 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen