Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
medleverturnus ledig stilling
under 18 år
deltidsjobb
sykehjem
16 år
ledige stillinger i
kokk
butikkmedarbeider
14 år
for ungdom
Oslo
Bergen
Oslo kommune
Trondheim
Stavanger
Drammen
Kristiansand
Horten
Sarpsborg kommune
Alta
Norge
Haugesund
Fredrikstad
Bærum kommune
Lørenskog kommune
Apply

Ph.d.-stipendiat i meteorologi

Universitetet i Bergen
Vestland
4 dager siden

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i meteorologi tilknytt tema vasstransport innan ekstratropiske syklonar. Stillinga er knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning ved Geofysisk institutt).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet vil undersøkje fuktdynamikk i ekstratropiske syklonfamiliar. Arbeidet vil fokusere på kor fukt innanfor syklonfamiliar har sitt opphav, korleis den omskapast og sendast videre med luftstraumar. Det vil også bli undersøkt korleis fukt påverkar livssyklusen til dei enkelte stormane og heile syklonfamilien. Stipendiaten vil undersøkje korleis fukt er henta inn og omskapa i syklonfamiliar ved bruk av reanalysar, idealiserte og realistiske modell simuleringar. Det vil brukast nye og etablerte diagnostikkar for sporing av vasstransport, inkludert stabile vassisotopar. Det blir også mogleg at ein brukar målingar frå satellittar og felteksperiment med fly. Vi ser nå etter ein engasjert og høgt kvalifisert stipendiat som blir ein del av vår samarbeidsorienterte forskargruppe. Som stipendiat i meteorologigruppa ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima i Norden og har eit bredt internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, klimadynamikk, oseanografi, fysikk, anvendt matematikk, eller relaterte felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei har levert masteroppgåva til vurdering innan 30.06.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode kunnskapar i atmosfærisk dynamikk er eit krav.
  • Ekspertise innan vitskapeleg koding og dataanalyse (f. eks. Python, MATLAB, R, C++, FORTRAN) er eit krav.
  • Evne til å kommunisere aktivt og samarbeide i ei større gruppe er eit krav.
  • Erfaring med LINUX omgjevnadar og analyse av store datasett frå numeriske modellar er ein føremon.
  • Erfaring frå arbeid med numerisk tracer diagnostikk eller stabile vassisotop er ein føremon.
  • Erfaring med undervisning og formidling av kunnskap er ein føremon.
  • Gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, nyskapande, og strukturert.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 541 800,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • eit samandrag av egen forsking på lengde av ein A4-side, som beskriver arbeidet med masteroppgåva og erfaringa med atmosfærisk dynamikk, inkludert relevante referansar frå litteraturen.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Harald Sodemann, [email protected] og professor Thomas Spengler, [email protected], Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen.


For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, [email protected]


Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.


Søknadsfrist

24. juni 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Allegaten 70, 5007 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Save Apply
Report job