Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleie- helsefag- og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrke helgebemanninga på postane. Vi lyser ut faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar 3. helg for deg med pleieerfaring.
Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet,, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken.
Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er den helt nyoppretta sengeposten Akuttgeriatri og infeksjon
31.08.2025
Helse Bergen HF
Pleieassistent til helgestillingar
7
Deltid
Fast
15
5000435555
01.09.2025
Arbeidsoppgåver
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
- Matservering
- Skylleromsarbeid
-
Fastvakt
Kvalifikasjonar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
- Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)
Personlege eigenskapar
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibe
- Gode kommunikasjonseevner
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.