Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
ledige stillinger i
spesialpedagog
miljøarbeider
under 18 år
16 år
renholder
jobb 15 år deltid
kontor
for ungdom
butikkmedarbeider
Vestland
Oslo
Akershus
Porsgrunn
Nordland
Finnmark
Innlandet
Østfold
Hamar

Politibetjent 3/2/1

DeepOcean
Møre og Romsdal
Full time
2 dager siden
Møre og Romsdal politidistrikt

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Vatnevegen 9, 6265 Vatne, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Politibetjent 3/2/1

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

6

Søk senest mandag 1. september

Om stillinga

Er du politiutdanna og ønskjer deg eit variert karriereløp i Møre og Romsdal politidistrikt, der du får prøve deg på fleire tjenesteområde og arbeidsoppgåver? Politidistriktet har stadig behov for fleire medarbeidarar mellom anna som følger av at våre tilsette har permisjon eller bidrar i andre deler av organisasjonen. No ønskjer vi deg fast på laget for å kontinuerleg vareta samfunnsoppdraget til politiet på ein god måte.

Du vil bli tilsett som politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt med Ålesund (inkl. Vatneeidet) som fast geografisk stadsplassering, men kva for eining du tilhøyrer og arbeidsoppgåvene dine vil kunne variere ut ifrå behovet i politidistriktet. I løpet av 3 år vil du for eksempel få 1 års erfaring frå operasjonssentral eller grense-/utlendingskontroll, 1 års erfaring frå etterforsking og/eller førebygging og 1 års erfaring frå vakt og beredskap. Etter 3 år kan du fremje eit ønske om kva for tjenesteområde du ønskjer vidare karriere innan. Vi vil strekkje oss langt for å imøtekomme ditt ønske, men det må sjåast i samanheng med behova i politidistriktet på tidspunktet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som ønskjer å jobbe innan ulike tjenesteområder og oppgåver i politidistriktet. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggje tillit til publikum gjennom sin kommunikasjon, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Arbeidsoppgåver
Vakt og beredskap
Operatør operasjonssentralen
Etterforsking
Førebygging
Grensekontroll/utlendingskontroll
Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta
Kan påleggast andre oppgåver
Ein må pårekne turnustjeneste

Kvalifikasjonar

Nødvendig:
Bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og utfylt karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt
Plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Ønskjeleg:
Gode resultat frå utdanning ved PHS
Erfaring frå politistilling etter bestått PHS

Personlege eigenskapar

For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at det er viktig at du:

Er fleksibel og motivert for å jobbe innan ulike tjenesteområde og oppgåver i politidistriktet. Dette blir vektlagt.
Gode kommunikasjonsferdigheiter
Gode haldningar og samarbeidsferdigheiter
Ansvarsbevisst

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss
Gode utviklingsmoglegheiter innanfor ulike tjenesteområde
Fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse jf. kompetansekriteriene for politibetjenter, med årslønn:

Etterforskar:
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 615 000 - kr. 700 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 565 000 - kr. 620 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 525 000 - kr. 580 000
Operatør, grense-/utlendingskontroll, forebygging og etterretning, kombitjeneste:
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 000 - kr. 675 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 515 000 - kr. 570 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 490 000 - kr. 555 000

Vakt og beredskap:
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 550 000 - kr. 650 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 490 000 - kr. 555 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 465 000 - kr. 520 000
Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
Mogelegheit for trening i arbeidstida
Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Kontaktpersoner for stillingen

Erik Steen Mikalsen

Seksjonsleiar operativ styring

+47 70 11 89 57

Arne Lid Skodje

Seksjonsleiar etterretning, førebygging og etterforsking

+47 93 05 45 48

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

8d6b0539-8bc7-4ac4-886f-8e0952717a26

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10259834
Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Assistant Front Office Manager

Radisson Hotel Group
Troms
  • Denne funksjonen støtter den smidige driften av...
  • Jobber proaktivt med å forbedre gjestetilfredshet og...
5 dager siden

Scrum Master

Nordea
Vestland
Er du opptatt av teknologi, motiveres av å bygge sterke team og navigere i et landskap i endring? Brenner du for å skape verdi...
2 dager siden

Nestleder

Trysil kommune
Buskerud
Vil du være med og lede en barnevernstjeneste med høyt faglig fokus og et sterkt samfunnsoppdrag? Vi søker en trygg og engasjert...
6 dager siden

Brukerstyrt Personlig Assistent - Ufaglært

Mio Gruppen
Troms
  • Arbeidstid: Dag, kveld og natt
  • Vi søker tre til fire faste assistenter i stillingsprosent...
5 dager siden

Europris åpner ny butikk i Søgne og søker butikkselgere

DeepOcean
Buskerud
Spennende mulighet til å være med helt fra start! I november 2025 åpner Europris en splitter ny butikk i Søgne, og det søkes etter...
2 dager siden

Forlagshuset søker resepsjonist/kundebehandler

DeepOcean
Vestland
Du liker å få ting gjort effektivt, og trives med mange baller i luften samtidig. Hos oss blir du den som våre forfattere og...
2 dager siden

Bli en del av Benestad Solutions AS

DeepOcean
Buskerud
Er du en praktisk anlagt problemløser som trives med teknisk presisjon og ønsker å bidra i et høyteknologisk og innovativt...
2 dager siden

McDonald's Fokserød, Sandefjord søker renholdsarbeider på dagtid

McDonald's
Sandefjord
  • God oppfølging: Du får tilbakemeldinger som hjelper deg å...
  • En meningsfull jobb: McDonald’s tar sosialt samfunnsansvar...
1 dag siden

Økomomimedarbeider

DeepOcean
Oslo
Vil du bli med på laget til en av landets ledende aktører innen live underholdning? All Things Live er en ledende aktør i den...
6 dager siden

Yrkessjåfør BI

Posten Bring AS
Innlandet
  • Moderne og sikker bilpark
  • Grundig opplæring og oppfølging
  • Arbeidstiden er dagtid og langtransport ...
1 dag siden