Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 10. august
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.
Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.
I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersle.
Vi ønsker å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. Oppmodar menn om å søke, då vi ønsker å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Vi har ledig følgande stilling:
100 % fast stilling som miljøterapeut
Stillinga er i utgangspunktet turnusarbeid (dag/kveld og mogleg helg) og ligg til sone Førde. Grunna omorganisering vil vi også sjå på og vurdere om stillinga skal vere knytt til dagarbeid. Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og du må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. Skulle det komme eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, kan det verte aktuelt å jobbe der i kortare periodar.
Du må ta høgde for å måtte arbeide delar av tida i sone Sande i ein periode, då vi har redusert bemanning grunne foreldrepermisjon.
Krav til kvalifikasjonar:
relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk
førarkort klasse B
Det er ønskeleg med vidareutdanning innan feltet rus og rusproblematikk. Også vidareutdanning psykisk helsearbeid vert vurdert til å vere relevant. Relevant erfaring kan vurderast som kompensasjon for manglande vidareutdanning.
Vi legg vekt på at du:
har gode samarbeidsevner
er positiv, nysgjerrig og reflektert
er strukturert
er sjølvstendig og trygg
er fleksibel og løysingsorientert
bidreg positivt i arbeidsmiljøtet
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
oppfølging av tenestemottakar
dokomentere i relevante fagsystem
arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
engasjerte kollegaer og leiarar
godt arbeidsmiljø
faglege utfordringar
god pensjon- og forsikringsordning
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Du søker elektronisk. Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Finn Ove Arnes
Einingsleiar
+47 476 53 520
[email protected]
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Sektor
Privat
Annonsedata
Stillingsnummer
b9975938-4948-439a-a644-00d27988cce9
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3527267_143429_nn
Report job