Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
nattevakt
16 år
butikkmedarbeider
vekter
lager
medleverturnus ledig stilling
for ungdom
ledige stillinger i
under 18 år
klinisk ernæringsfysiolog
Akershus
Vestland
Oslo
Finnmark
Porsgrunn
Sandefjord
Nordland
Trøndelag
Tønsberg

Seksjonsleiar for Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS)

Helse Bergen
Vestland
1 dag siden

Om stillinga

Vil du leie eit fagmiljø som set spor – og bidra til å utvikle rusfeltet i Vestland og nasjonalt?

KORUS Bergen søker no ny leiar! Vår dyktige leiar går av med pensjon, og vi ser etter deg som ønsker å bruke leiarkompetansen din til å skape retning, engasjement og kvalitet i eit fagfelt i rask utvikling.

KORUS Bergen (Kompetansesenter for rusfeltet) er eit regionalt kompetansemiljø med brei fagleg spennvidde og tydeleg samfunnsoppdrag. Vi jobbar for å styrke kunnskap og kvalitet i rusførebygging, tidleg innsats, behandling og oppfølging – i tett samarbeid med kommunar, spesialisthelseteneste og andre regionale og nasjonale aktørar. Vi er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen og har oppdrag frå Helsedirektoratet.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

08.09.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingar:

1

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5004969197

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

Som leiar for KORUS Bergen får du:

  • Det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal – og for å vidareutvikle eit sterkt, tverrfagleg kompetansemiljø
  • Ei nøkkelrolle i å gjere nasjonale føringar om til konkrete, nyttige tiltak for kommunar og tenester i vår region
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av senteret sine aktivitetar i tråd med Helsedirektoratet sitt årlege tilskotsbrev
  • Moglegheit til å styrke kvalitet og fagleg dokumentasjon gjennom utvikling av gode rutinar og prosedyrar
  • Ein viktig funksjon i arbeidet med HMS, internkontroll og eit godt arbeidsmiljø
  • Rolle i den nasjonale leiargruppa for KORUS – der du bidrar til samordning og fagleg retning nasjonalt
  • Ein plass i leiargruppa for Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen – med påverknad på tvers av seksjonar
  • Leie og inspirere kompetente, sjølvstendige medarbeidarar i eit fagmiljø som ønskjer utvikling og samspel

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule – gjerne med bakgrunn frå helse, sosialfag eller samfunnsvitskap
  • God fagleg innsikt i rusfeltet og/eller psykisk helse, helst med erfaring frå både kommune og spesialisthelseteneste
  • Leiarerfaring – og gjerne formell leiarutdanning
  • Tryggleik i personalleiing og evne til å bygge eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Interesse for ressursstyring og økonomi som verkemiddel for utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • Har eit ekte engasjement for rusfeltet og vil vere med på å gjere ein forskjell
  • Er trygg i leiarrolla, med evne til å bygge gode relasjonar både internt og eksternt
  • Skapar samhald, meistring og fagleg utvikling rundt deg
  • Tenkjer strategisk, tar kloke val – og gjennomfører
  • Trivst i ein dynamisk kvardag med mange kontaktflater

Vi tilbyr

  • Ei leiarstilling med stor påverknadskraft – du får vere med å forme rusfeltet i regionen
  • Ein kvardag full av faglege utfordringar, utvikling og samarbeid på tvers av nivå og sektorar
  • Dyktige og dedikerte kollegaer som brenn for felles mål
  • Eit miljø der nye idéar blir lytta til – og realisert
  • Lønn og vilkår i samsvar med gjeldande avtalar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Christian Ohldieck
Seksjonsoverlege
Telefon:
+47 47318419

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Helsefagarbeidere til Feiring kompetansesenter

Eidsvoll kommune
Akershus
  • Utøve godt samarbeid med brukere, pårørende og kollegaer
  • Sammen med kollegaer skal du sikre at fastsatte rutiner...
4 uker siden

Seksjonsleiar for operasjon og dagkirurgi, Augeavdelinga

Helse Bergen
Vestland
  • Tett samarbeide mellom dagkirugen og poliklinikk
  • Strategisk og operativ leiing av dagleg drift – bemanning,...
3 uker siden

Lærar

DeepOcean
Rogaland
På Vigrestad storskule er det ledig eit vikariat i 80 -100% på ungdomstrinnet frå 1.9.2025 - 31.7.2026, med moglegheit for å halda...
1 dag siden

Systemansvarlig primærkraft for jernbanens IKT infrastruktur

Bane Nor
Oslo
I Bane NOR jobber vi med noe ganske stort – å sette spor vi er stolte av. Spor som ikke bare frakter tog, men som driver samfunnet...
1 dag siden

Tilkallingsvikarer - kommunale grunnskoler - fagarbeidere og assistenter

Farsund kommune
Agder
  • støtte i undervisningssituasjonen i forhold til enkeltelever...
  • Det vil derfor bli forventet at vikarer har søkt,...
22 timer siden

Bussjåfør Ryfylke

Boreal Buss AS
Rogaland
Boreal Buss AS har ledige stillinger som bussjåfør ved vår avdeling på Tau i Strand kommune Vi har et aktivt velferdslag som...
2 dager siden

Baker

DeepOcean
Nordland
Vi drømmer om deg som har erfaring innenfor bakerifaget, relevant utdanning, og i stand til å jobbe selvstendig i en hektisk...
2 dager siden

Ekstrahjelp Carlings Namsos Storsenter

Carlings
Trøndelag
Elsker du jeans like mye som oss, og har lyst til å skape unike kundeopplevelser sammen med vårt fantastiske team? Da er du...
2 dager siden

Jordmor

DeepOcean
Trøndelag
Har du lyst til å jobbe sammen med en flott gjeng med jordmødre, barnepleiere, sykepleiere og leger ved gyn/føde/barsel-avdelingen...
22 timer siden

Vi søker ekstrahjelp til Glitter Bergen Storsenter

GLITTER
Vestland
  • Du er en engasjert selger som elsker kundemøter og drives av...
  • Du er en engasjert selger som elsker kundemøter og drives av...
2 dager siden