Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
butikkmedarbeider
for ungdom
lærer
17 år
nattevakt
ledige stillinger i
under 18 år
ergoterapeut
16 år
kantine
Akershus
Oslo
Vestland
Buskerud
Bergen
Møre og Romsdal
Østfold
Ålesund
Rogaland

Seniorrådgivar internkontroll og risikostyring

Utlendingsdirektoratet
Oslo
Full time
2 uker siden

Utlendingsdirektoratet

Seniorrådgivar internkontroll og risikostyring

Offentlig forvaltning

Det skjer mykje hos Utlendingsdirektoratet! Vi er mellom anna i gang med eit av Noregs største IT-utviklingsprosjekt, og vi har ein ny verksemdsstrategi der risikostyring er viktig. Vi ønsker å styre ut frå risiko og analyser, slik at vi får kostnadseffektive tenester.
Eininga for styring og internkontroll (med åtte medarbeidarar), har no ei ledig stilling med ansvar for internkontroll og risiko. Eininga har ansvaret for verksemdstyringa i UDI, og er ein del av tenesteområdet Styring og regelverk. Tenesteområdet har rundt 90 medarbeidarar fordelt på seks einingar.


Seniorrådgivar internkontroll og risikostyring


Vi søkjer deg som vil løfte arbeidet med risiko og internkontroll og ønsker å vere med på å utvikle UDI vidare. Du vil i stillinga ha ansvaret for rammeverket for internkontroll og risikostyring, men også bidra operativt med korleis risikovurderingar kan brukast for å få effektive og forbedra tenester. I arbeidet får du høve til å samarbeide med alle tenesteområda i verksemda, og vi kan love deg faglege utfordringar i ein organisasjon i utvikling. Den rette kandidaten har solid fagleg tyngd innanfor internkontroll og risikostyring og kan å kommunisere på ein tydeleg og truverdig måte, både mot leiinga og i verksemda elles. Du forstår heilskapen i styringssystema, og korleis risikostyring og internkontroll heng saman med andre prosessar for verksemdstyring.

Kvalifikasjoner:

  • Du må ha relevant utdanning på masternivå. Særleg relevant erfaring og utdanning kan kompensere for manglande utdanning på masternivå.
  • Du må ha brei praktisk erfaring innanfor områda verksemdsstyring, risikovurderingar og internkontroll.
  • Du må ha god kjennskap til regelverk, standardar og beste praksis innan internkontroll og risikostyring.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg på norsk.
  • Du er god på Excel og har god digital forståing
  • Det er ønskeleg med erfaring frå rettleiing og opplæring.
  • Det er ønskeleg at du har relevant erfaring frå statleg verksemd, inkludert økonomiregelverket i staten.
  • Det er ønskeleg at du har relevant sertifisering, for eksempel som statsautorisert revisor eller diplomert internrevisor

Personlige egenskaper:

  • Du har ei heilskapleg tilnærming og er analytisk.
  • Du har høg fagleg integritet og evne til å bygge relasjonar på tvers av organisasjonen
  • Du har gode samarbeidsevner, er proaktiv og kan vere tydeleg.
  • Du er initiativrik, ein tilretteleggjar og har høg gjennomføringsevne.
  • Du er effektiv, strukturert og løysingsorientert.
  • Du trivst med å jobbe i team, men kan også jobbe sjølvstendig.

At du er personleg eigna og har gode faglege kvalifikasjonar vil bli særleg vektlagt.

Vi tilbyr:

Derfor bør du velje oss
Bli med på å forme arbeidet med god styring og kontroll i ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vane med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss, og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ein kjempegod kantine. Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass, og ikkje minst landets aller beste kollegaer.


Litt praktisk info

Stillinga lønnast som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønnsspennet kr 700.000 - kr 900.000 brutto pr år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hull i CV-en din, funksjonsnedsetting, eller etnisk bakgrunn vil vi oppfordre deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer stilling hos oss.

Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).

I tråd med offentleglova kan du bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. I så fall blir du varsla.


  • Bedrift
    Utlendingsdirektoratet
  • Søknadsfrist
    21.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    0663, OSLO
    OSLO
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6320013
  • Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet

  • Bedrift
    Utlendingsdirektoratet
  • Søknadsfrist
    21.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    0663, OSLO
    OSLO
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6320013
Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Seniorrådgivar internkontroll og risikostyring

DeepOcean
Oslo
Det skjer mykje hos Utlendingsdirektoratet! Vi er mellom anna i gang med eit av Noregs største IT-utviklingsprosjekt, og vi har...
2 uker siden

Vikarjobb i barnehager Oslo og Bærum

DeepOcean
Oslo
Vi trenger ringevikarer som kan jobbe i barnehager i korte og lengre vikariater Gode lønnsbetingelser og mulighet for fleksibel...
3 dager siden

Resepsjonist og butikkmedarbeider

DeepOcean
Vestland
Du som er imøtekommende og tar godt vare på kundene. Besvare telefon, ta i.ot bestillinger,selge produkter, dagsoppgjør og renhold...
1 uke siden

Malere Gjøvik og Hamar

DeepOcean
Hamar
Gbs Malerservice As ønsker flere ansatte for innvendig og utvendig malerarbeid Gbs har avdeling både i Gjøvik og på Hamar. Vi ser...
2 uker siden

Søker flere Lastebil sjåfører for kl CE i Oslo og Akershus område.

DeepOcean
Oslo
Lastebil Transport Sentral AS Lastebil Transport Sentral As ble etablert år 2018 og har base i Oslo Vi er et mellomstort...
2 uker siden

Grillkokk søkes - varierte oppgaver og teamarbeid

DeepOcean
Buskerud
Gyda Sportsbar og kjøkken søker etter engasjert medarbeider som trives i et hektisk miljø Vi søker etter den personen som kan...
1 uke siden

Produksjonsmedarbeider / montør av systeminnredninger til kontor- og butikkinnredninger

SAFE BEMANNING
Region Midtjylland
For vår kunde søker vi etter en Produksjonsmedarbeider / montør. Produksjon og montering av systemvegger til kontor- og...
5 dager siden

Glass og fasade montør

DeepOcean
Haugesund
Kraft Glass & Aluminium As Årabrotsveien 21 D, 5515 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Glass og fasade...
3 uker siden

Seksjonsleder HMS- og risikostyring

Multiconsult Norge As
Oslo
Vil du være med på å gjøre samfunnet tryggere sammen med oss? Vi søker leder innen sikkerhet og risiko i Oslo. I Multiconsult har...
2 uker siden

Cafe Avec søker deg som er glad i å jobbe og som presterer godt i en hektisk hverdag.

DeepOcean
Troms
En hektisk men gøy arbeidsdag hvor du møter mange hyggelige kunder der ingen dager er lik. Cafe Avec er en cafe som ligger i...
2 uker siden