Medisinsk sengepost søkjer etter sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25 % mellombels stilling som pleieassistent.
Medisinsk sengepost har flytta inn i nytt og moderne sjukehus der vi har spesialiserte fagfelt som nyre, diabetes & endokrinologi, mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing og hjartesjukdommar. Her vil du få oppleve ein kvardag med mykje variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag-søndag/lørdag-søndag).
Oppstart stilling: September 2025 eller etter avtale med leiar på aktuell post.
Stillingsprosent: 16 - 25
24.08.2025
Helse Førde
Førde
Sjukepleiarstudentar til helgestilling
6
Deltid
Vikariat
25
4926452138
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta oppgåver som assistent
Kvalifikasjonar
- Det er eit krav at ein har gjennomført minimum 1. året bachelor sjukepleie eller har anna helsefagleg bakgrunn frå tidlegare
- Gjerne pleie erfaring (praksis, arbeid)
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel
- Må takle tidvis høgt tempo
-
Vere engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein lærerik og utviklande arbeidsstad
- Ein god start på sjukepleiarkarriera
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.