Sengeposten har 27 senger og inneliggande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø. Du må gjerne sjekke oss ut på vår Instagram side "hovud/hals/auge".
07.09.2025
Helse Bergen HF
Sjukepleiestudent som pleieassistent til vikariat på helg
3
Deltid
Vikariat
20
5003625029
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie av pasientar
- Forefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- 2. og 3. års sjukepleiestudentar
- Ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og løysingsorientert
- Ansvarsbevisst og fleksibel
Vi tilbyr
- Spennande avdeling med høgt fagleg nivå
- Stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.