Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, helsefagarbeidar og helgestillingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk senest søndag 17. august
Skei omsorgssenter er ein institusjon som består av 3 avdelingar.
Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass. Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens.
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling.
Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar, og vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt.
Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?
Vi har årsturnus, og moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg, for dei som ynskjer dette.
Vi har følgande ledige stillingar:
2 x 100 % fast stilling for sjukepleiar frå 01.09.2025
1 x 100 % fast stilling for vernepleiar /sjukepleiar frå 01.10.2025
1 x 100 % vikariat for sjukepleiar i perioden 01.09.2025 - 30.04.2026
1 x 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 01.10.2025
Vi har også ledige helgestillingar på 14 - 30 % frå snarast.
Du kan velje mellom å jobbe 7,5 eller 12,5 timers vakter.
Sjukepleiarstudentar og søkarar med interesse for fagfeltet kan søke, men vert tilsett i mellombels stilling på 6 månader.
Krav til søkar:
norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:
er fleksibel og likar utfordringar
er engasjert og kan jobbe sjølvstendig - er trygg på eigne avgjerder
fungerer godt i team og har evne til å delegere
likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
er ny-tenkjande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi kan tilby:
ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagstillingar
moglegheit for kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
moglegheit for alternativ turnus med langvakter
pasientnært og fagleg fokus
faglege utfordringar
gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Wenche Farsund
+47 413 22 567
[email protected]
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
b9f6f8ed-a5d7-46fe-bdbe-8ed69f23a96e
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3525025_191723_nn
Report job