Medisinsk poliklinikk og poliklinikk for skopi-urologi-operasjon har ledig vikariat i ei kombistilling som sjukepleiar, med moglegheit for fast tilsetjing.
Stillinga er delt mellom einingane: 40% på medisinsk poliklinikk og 40% på skopi-urologi- operasjon.
Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre.
I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
Poliklinikk skopi-urologi-operasjon undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda urologi, kirurgi og gastro. Det vert utført skopiar, invasive prosedyrar og operasjonar. I tillegg har ein kvilesone for mottak av både polikliniske og inneliggande pasientar.
For denne stillinga vil det innebære arbeid innan behovstyrt poliklinikk IBD (innflamatorisk tarmsjukdom) og infusjonsbehandling i hovudsak knytt til IBD pasientar på medisinsk poliklinikk. I poliklinikk skopi-urologi-operasjon vil arbeidet innebæres assistering ved skopiar og invasive prosedyrar samt arbeid i kvilesona.
Det vil vere ein fordel med erfaring innan fagfeltet og med poliklinisk arbeid, men det er ikkje eit krav.
03.09.2025
Helse Førde
Førde
Spennande stilling på poliklinikk
1
Deltid
Vikariat
80
5003663936
Arbeidsoppgåver
Denne stillinga er knytt til gastrofaget på begge poliklinikkane. På poliklinikk skopi-urologi-operasjon vil ein forberede og assistere på ulike skopiar og andre spesialprosedyrer (gastrostomi, dren, biopsiar mm), samt arbeid i kvilesona.
På medisinsk poliklinikk vil ein arbeide med IBD-pasientar og oppfølging av denne pasientgruppa i form av infusjonar og behovsstyrt poliklinikk.Vi brukar DIPS som journalsystem og ein vil bruke dette mykje i det daglege.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
Medisinsk sengepost og poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.