Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
butikkmedarbeider
under 18 år
ledig stilling
logistikk
sommer
16 år
medisinstudent
pedagogisk psykologisk rådgiver
for ungdom
ledige stillinger i
Oslo
Akershus
Vestland
Rogaland
Sandefjord
Troms
Kristiansand
Porsgrunn
Agder
Apply

Spennande, variert og utfordrande leiarstilling i Ål kommune

DeepOcean
Buskerud
Full time
3 uker siden
Ål kommune Skattebøl barnehage

Branesvegen 2,, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Barnehagestyrar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest onsdag 25. juni

Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst.

Skattebøl barnehage blir frå hausten -25 ein fem-avdelings barnehage i Granhagen/Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Barnehagen skal nytte både lokale og uteområde ved Skattebøl barnehage og Skattebøl skule.

I Skattebøl barnehage set vi «den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Barnehagen skal frå hausten -25 etablere ei avdeling som ute/friluftsbarnehage.

Arbeidsoppgåver
Overordna ansvar for drift av barnehagen.
Personal-, fag- og økonomiansvar.
Vidareutvikle barnehagen.
Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet.
Styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i kommunen.
Sikre godt samarbeid med føresette.
Kvalifikasjonar
Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
Leiarerfaring.
Digital kompetanse.
Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning-
Gjerne vidareutdanning/erfaring innan friluftsliv.
Personlege eigenskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som:

Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
Er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt.
Er oppdatert innanfor barnehagefeltet.
Er resultat- og løysingsorientert.
Har god økonomisk forståing.
Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
Har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid.
Er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats.
Er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver.
Har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar.
Er oppteken av og interessert i fysisk og psykisk helse gjennom arbeid i og med naturen.
Har god formidlingsevne muntleg og skriftleg.
Likar å vere ute i all slags vêr, året rundt.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr
Ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb.
Eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling.
Fokus på natur, friluftsliv og kultur.
Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
Eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
Leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde.
Moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling.
Gode lønsvilkår og pensjonsordning.
Søknad og politiattest
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen

Sissel Skrindo

99287896

[email protected]

Om bedriften
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3512787_227559_nn
Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Variert regnskapsjobb i globalt helsekonsern

DeepOcean
Buskerud
  • Sikrer at regnskapet føres i samsvar med norske...
  • Sørger for nøyaktig regnskapsføring i samarbeid med interne...
3 uker siden

Fleksibel vikar søkes til variert og praktisk arbeid

DeepOcean
Trøndelag
Er du fleksibel og liker variert arbeid? Vi i Multiklart søker en pålitelig vikar som kan hjelpe til med montering, flytteoppdrag...
3 uker siden

På utkikk etter variert og spennende jobb i et firma i vekst?

DeepOcean
Rogaland
I 2024 markerte Badnor AS sitt 10-årsjubileum som en ledende aktør innen netthandel av utstyr til baderom og spabad i Norge Det...
4 uker siden

Spennende og variert stilling for deg med erfaring fra prosjekt og service

DeepOcean
Oslo
Med over førti år i bransjen har vi gjennom årene bygget sterke og solide kunderelasjoner, som gjør oss til en trygg aktør i...
4 uker siden

Spennende og variert mekanikerstilling

DeepOcean
Troms
Som mekaniker hos oss må du kunne litt av hvert, og se løsninger for å holde maskinparken og bilflåten vår i drift Vi har verksted...
4 uker siden