Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar, og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.
Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt arveleg tilstand. Fagområdet er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.
Ved avdelinga er det ledig ei fast stilling (100%) som spesialingeniør i bioinformatikk. Den som blir tilsett vil få ta del i ei spennande fagleg utvikling innanfor automatisering, behandling og analyse av genomdata og andre laboratoriestøtteprosessar i medisinsk-genetisk diagnostikk, med særleg fokus på neste generasjon sekvensering (NGS). Spesialingeniøren skal bidra til å utvikle, vedlikehalde og drifte nødvendige informatikksystem og program ved avdelinga, samt handtere dei data som blir produserte. Vedkommande blir ein del av eit godt fagmiljø og vil arbeida nært saman med tilsette ved Seksjon for bioinformatikk i Laboratorieklinikken.
24.08.2025
Helse Bergen HF
Spesialingeniør (bioinformatikk)
1
Heiltid
Fast
100
4999412632
Arbeidsoppgåver
- Utvikling og drift av programvare og pipelines for analyse av NGS-data
- Utvikling og drift av integrasjonsløysingar mellom analyseinstrument, laboratoriestøttesystem og LIMS
- Utvikling og drift av system for driftsstatistikk og kvalitetskontroll
-
Brukarstøtte for overnevnte system
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innanfor bioinformatikk, informatikk eller eit tilsvarande relevant fagfelt. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, FastQC, BWA, SAMtools, nextflow)
- Erfaring med programmeringsspråk (t.d. Go, Python, R, javascript), teknologiar (t.d. kubernetes, slurm, git, docker, NATS), databaser (t.d. postgresql) og/eller oppsett og drift av linux-baserte OS
-
Meistre engelsk munnleg og skriftleg. God kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
- Løysings- og serviceorientert
- Kreativ
- Samarbeider godt i team
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.