Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Tannhelsesekretær (fleire stillingar)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig faste deltids- og heiltidsstillingar som tannhelsesekretær.
Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: barnetannpleie, endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
- pasientomsorg
- assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
- røntgenfotografering
- opplæring av studentar i hygiene
- oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
- reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
- pasientadministrative oppgåver
- kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
- søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær, og framleggas før tilsetting
- erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
- evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
- ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kompetanse innan data og Opus journalsystem
- handtere telefonar
evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn er for tida kr 497 500 (kode 1545) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode Velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer
- kopiar av vitnemål og relevante attestar
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Klinikkleiar Neshe Lie, tlf 55586630, [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.
Søknadsfrist
18. juni 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid (4 stillingar)
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Hjemmekontor
Hjemmekontor ikke mulig
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen