Gamleveg 44, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Terapeut og teamleder, Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) - fast -
Oppstart
30. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 25. august
Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) vart etablert i Midt-Telemark kommune hausten 2023. I samband med at ein av våre RPH-terapeuter har sagt opp si stilling lysast det ut ei 100 % stilling som RPH-terapeut og teamleiar. Arbeidstid er hovudsakleg på dagtid, men det må påreknast noko arbeid på kveldstid i enkelte periodar. Ønskeleg oppstart i stilling er 1. oktober 2025.
Rask Psykisk Helsehjelp er eit korttids behandlingstilbod for personar med angstlidingar, mild og moderat depresjon, byrjande rustfordringar og/eller søvnvanskar. RPH er samlokalisert og organisert i avdeling med Ung Arena. RPH tilbyr rettleia sjølvhjelp, undervisningsbaserte kurs og individuell psykoterapi. Alle ledd av tilbodet baserar seg på kognitiv atferdsterapi.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Arbeidsoppgåver
RPH-terapeut:
Undervisning/psykoedukasjon individuelt og i grupper, etter RPH sitt mandat og modell
Oppfølging av brukarar i rettleia sjølvhjelp
Individuelt klinisk arbeid
Rettleie til andre aktuelle tenester når Rask Psykisk helsehjelp ikkje er rett tilbud (i tråd med RPH’s los-funksjon). Terapeuten bør såleis ha god systemkunnskap og samarbeide godt med andre instanser
Delta på teammøter
Samarbeid med aktuelle instansar
Dokumentere etter aktuelt lovverk og avdelingas retningsliner
RPH-modellen er stadig under utvikling, og terapeuten skal halde seg kontinuerlig faglig oppdatert
Bidra til innovasjon og utvikling av RPH-tilbudet i samarbeid med avdelingsleiar og teamet
Delta i intern og ekstern rettleiing i avdelinga
Holde seg oppdatert og følge avdelingens gjeldende interne prosedyrer
Teamleiar:
Teamleiar har ansvar for å ha nødvendig kompetanse, kvalitet og legge til rette for tenesteutvikling i teamet
Ansvar for dagleg drift av RPH-tilbudet, herunder avholde rutinemessige teammøter
Ansvar for at det føreligg klare rutiner når det gjeld inntak og administrering av henvendelsar
Etablere og utvikle RPH-tilbudet i samarbeid med avdelingsleiar og teamet
Etablere og organisere samarbeid med aktuelle instanser og RPH-team i andre kommunar
Sørge for gode system og rutiner for registerdata ved avdelinga i samarbeid med avdelingsleiar
Oppfølging av Profil i samarbeid med avdelingsleiar
Det kan oppstå endringar i arbeidsoppgåver i utvikling av tenesten.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
Minimum helse- og sosialfagleg bachelorutdanning
Søker må ha gjennomført aktuell RPH-utdanning, eller være villig til å gjennomføre utdanninga innan rimeleg tid
God formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
Ønska kompetanse
Klinisk erfaring
Videreutdanning innan psykisk helse
Erfaring med psykoedukative kurs og/eller gruppebehandling
Bruk av nettbasert behandling og relevante IKT-verktøy
Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
God menneskemøtekompetanse
Kommunikasjonssterk
Strategisk
Handlekraftig
Samarbeidsvillig - gode samarbeidsevner internt og eksternt
Evne til utvikling og endring
Ein positiv og engasjert person
Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
Kapasitet og motivasjon til å tileigne seg ny kunnskap og nye arbeidsmetodar
God evne til å arbeide strukturert og systematisk
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Vi tilbyr
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Trond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742
Arbeidsstad
Gamleveg 44
3802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5000073268
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 25.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Trond Garborg
Avd. leiar
+47 99206742
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://midt-telemark.kommune.no/
Annonsedata
Stillingsnummer
a08913bc-55f3-45cc-a797-f35bed0077d8
Hentet fra
talentech
Referanse
03e5a6b0997f4424ba4d44204e9e9772
Report job