Hollekjevegen 155B, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Varabrannsjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 22. juni
Vil du bidra vere med på å oppretthalde ein god beredskap i Tysnes kommune?
Tysnes Brann og redning spelar ei sentral rolle i beredskapen på Tysnes. Brannvesenet er bemanna av ein brannsjef og ein varabrannsjef i 100%, samt omlag 18 brannkonstablar i deltidsstillingar, alle klare til å rykke ut når det trengst. Brannstasjonen er plassert i Hollekjevegen 155B.
Me søkjer no etter ein engasjert person til varabrannsjefstillinga - ei spanande og variert rolle som gjev rom for både fagleg og personleg utvikling.
Saman med brannsjefen vil du sikre at Tysnes brann og redning held eit høgt fagleg nivå gjennom trening, øvingar og kontinuerlig forbedring. Som varabrannsjef er du fast stedfortredar for brannsjefen, og inngår som innsatsleiar med overordna vaktberedskap.
For å fylle rolla må du oppfylle kompetansekrava til beredskap og innsatstid, samt vere busett i Tysnes kommune.
Me ber om at attestar, kursbevis og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.
Kva stillinga går ut på
Sikre at utstyr og materiell til ei kvar tid er operativt gjennom regelmessige kontrollar og vedlikehald.
Inngå i overordna vaktberedskap som innsatsleiar brann og delta i gjennomføring og evaluering av øvingar med mannskap, utrykningsleiarar og brannsjef.
Ha personalansvar for brannkonstablane.
Fremje brannførebyggjande arbeid gjennom informasjon, motivasjonsarbeid og tilsyn av særskilte brannobjekt.
Rettleie og følgje opp brannmannskapet, samt bidra til implementering og kvalitetsikring av HMT-rutinar.
Handsame saker innan fagområdet, med særleg vekt på førebyggjande tiltak mot forureining og handtering av farlege stoff.
Støtte kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.
Det er viktig for oss at du er ein fleksibel person som ikkje er redd for å ta i et tak der det trengs. Me er ein liten, men dynamisk organisasjon. Endringar og justeringar i arbeidsoppgåver må påreknast ut i frå arbeidsgjevar sine behov og din kompetanse.
Kva kompetanse som er viktig
Du må ha:
Kvalifikasjonar som leiar for anten førebyggjande arbeid eller beredskapsarbeid, jf. brann- og redningsvesenforskrifta § 42 eller § 43
Førarkort klasse C
Operativ erfaring frå brannvesen, politi, helsevesen eller forsvar
Ha god fysisk helse
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Gode datakunnskapar
Ønskja kvalifikasjonar:
Utrykkningssertifikat kode 160
Utrykkingsleiarkurs deltid
Erfaring med risikovurdering, prosjektarbeid, sakshandsaming og HMT-arbeid
Kunnskap og erfaring innan brannførebygging, undervisning, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling
Erfaring med forureiningssaker i tråd med forureiningsforskrifta
Praktisk anlagt, med evne til førebyggjande vedlikehald av kjøretøy og utstyr
Søkjar som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava må forplikte seg til å ta manglande tilleggsutdanning etter tilsetjing.
Tilsetjing i brann- og redningsvesenet krev uttømmande politiattest og tilfredsstillande vandel, jf. brann og eksplosjonsvernloven § 18.
Kva me ser etter hos deg
Me ser etter ein tydeleg, motivert og handlekraftig leiar med operativ forståing.
For å lykkast i stillinga ser me etter ein person som:
Er ein tydeleg og inkluderande leiar som motiverer og engasjerer andre.
Arbeider strukturert, har høg arbeidskapasitet og sterk gjennomføringsevne.
Samarbeider godt med andre og evnar å utfordre etablerte ordningar på ein konstruktiv måte.
Har analytiske ferdigheiter og tek gjennomtenkte beslutningar.
Handterer høgt arbeidspress og krevjande situasjonar på ein roleg og effektiv måte.
Kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg.
Har verdiar og haldningar som bidrar til eit positivt og profesjonelt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert og engasjert av å arbeida med samfunnsoppdraget til brann og redning? Ønskjer du å vera med å forma framtidas brann og redningsvesen? Då trur me du vil trivast hos oss! Me er oppteken av det samla samfunnsoppdraget til tenesta og har stort fokus på korleis me kan utøva oppdraget vårt til det beste for Tysnessamfunnet.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal landspensjonskasse.
Det betyr blant anna at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett som varbrannsjef i stillingskode 7004 (arbeidsleiar med særaldersgrense), og ligg lønsplassert i kapittel 3.4.3 med årleg lønsjustering lokalt.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Torfinn Kongsvik
Brannsjef
+4797529965
[email protected]
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.tysnes.kommune.no/
Annonsedata
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10252592
Report job