Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar - 100% langvakter - Ambulerande tenester
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest torsdag 12. juni
Om stillinga
Ambulerande tenester i Alver kommune søkjer engasjert vernepleiar i 100% fast turnus med langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Om Ambulerande tenester
Ambulerande tenester gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar.
Fokuset vårt er meir på den einskilde personen og hjelpebehov/ynskjer, enn på diagnosar. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til kvar og ein. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. Hjå oss er det eit stort tverrfagleg miljø med god kompetanse.
Ambulerande tenester har kontor på Frekhaug, og gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga vart etablert i 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og berre 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar samt at bussen stoppar like ved.
Arbeidsoppgåver
Primærkontaktansvar
Yte gode og faglege tenester til den einskilde
Utarbeide mål, planer og tiltak og følgje opp desse
Legemiddelhandtering
Rettleiing av studentar og kollegaer
Sikre at dokumentasjon er i tråd med gjeldande retningslinjer
Bidra til et fagleg miljø
Kompetanse
Offentleg godkjend vernepleiar vert prioritert. Sjukepleiarar er velkomne til å søkje
Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
Førarkort klasse B
God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Kven søkjer vi?
Du er engasjert og trygg i utøvelsen av faget ditt
Du har respekt for tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
Du har god relasjonskompetanse
Du er systematisk og evner å prioritere ulike arbeidsoppgåver parallelt med å arbeide sjølvstendig
Du er god på å sjå moglegheitar og løysningar
Du er er systematisk
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Du har gode datakunnskapar
Me tilbyr
9000kr i tillegg over tariff på årsløn
Årsturnus
God pensjonsordning i KLP
Løn etter tariffavtale
Hovudvekt av langvakter i turnus, med moglegheit for påverknad av turnus
Rom og tid for faglig arbeid
Ein variert og spennande arbeidskvardag kor du får nytte vernepleiaren i deg!
Fagleg og personleg utvikling
God opplæring
Ein ny og spennande avdeling som stadig er i vekst
Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med kollegaer som tar deg godt i mot
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet.
Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Marianne Bratshaug
Avdelingsleiar
+4745377553
[email protected]
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming.
Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.alver.kommune.no/
Annonsedata
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10252894
Report job