Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Vi søker deg med interesse for offentleg forvaltning og som er god rettleiing
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 7. september
Bygger du gode relasjonar, er god til å samarbeide, motivere og til å finne gode løysingar til det beste for menneske i omstilling? Er du løysingsorientert, har interesse for offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan du vere den vi treng på Nav Askøy!
Du vil inngå i mindre fagteam for sjukefråværs- og arbeidsretta oppfølging, og vil i hovudsak følgje opp personer over 30 år. Vi er opptatt av utvikling, noko som kan innebere endring i arbeidsoppgåver og organisering.
Nav Askøy er eit kontor med 3 avdelingar, med 70 statlege og kommunalt tilsette. Vi har aktivitetsbasert arbeidsplass med opne landskap, fokus-rom, møterom og sosiale sonar. Vi flytta i sommar inn i heilt nye og flotte kontorlokale på Kleppestø senter. Det tar 12 min sjøvegen med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer ein køfritt frå Bergen til Askøy.
Vi samarbeider tett med Nav Øygarden som saman med oss utgjer Region Vest i Nav Vestland.
Arbeidsoppgåver
Kartlegge, følje opp og veilede menneske som treng bistand til å komme tilbake i jobb eller skaffe arbeid
Vurdere den enkelte si arbeidsevne og behov for oppfølging
Koordinering- og leiing av møte, som dialogmøte mellom sjukemeldt, arbeidsgivar og fastlege
Vurdere behov for og innvilge arbeidsmarkedstiltak
Gi råd og rettleiing til arbeidstakarar og arbeidsgivarar om arbeidsinkludering
Samarbeid med arbeidsgivarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta
Kvalifikasjonar
Du må ha:
fullført relevant utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet, til dømes innan helse- og sosialfag, juridiske fag, samfunnsfag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
erfaring frå arbeid med rettleiing av menneske
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk
god digital kompetanse
Det er ønskeleg at du har:
erfaring frå motivasjonsarbeid
erfaring frå offentleg forvaltning, arbeidsretta rettleiing eller rekruttering
Vi ser etter deg som er er løysingsdyktig og som
har god relasjonskompetanse
har evne til å fasilitere- og skape eit godt samarbeidsklima
er trygg i møte med menneske i krevjande livssituasjonar
evner å jobbe sjølvstendig og være besluttsom
kan arbeide effektivt og strukturert med egen portefølje.
har gode samarbeidsevner
Har du utdanning fra utlandet, ber vi om autorisert oversettelse og godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, et moderne og helsefremmende lokaler (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
Vi tilbyr spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar etter ei vurdering av kvalifikasjonar og erfaring. Lønsspennet er frå kr. 615 700 til kr. 635 400 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Monika Kalstad, Avdelingsleder, Nav Askøy, 413 44 091, [email protected]
Arbeidsstad
Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAV
Referansenr.: 5002348399
Stillingsprosent: 100%
Fast
Sluttdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Monika Kalstad
Avdelingsleder, Nav Askøy
413 44 091
[email protected]
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
c4cfe692-c49f-45dc-8ad4-ca42f738ea26
Hentet fra
talentech
Referanse
edcaa4b2172f43b8b029ff9fd180e4d3
Report job