Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog
Oppstart
31. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest onsdag 27. august
Nav Kompetansesenter for arbeidshelse har eit ledig vikariat som spesialpedagog i avdelinga Nav Arbeidsrådgiving, då ein av våre pedagogar har utdanningspermisjon. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til Nav sitt samfunnsoppdrag – å gi menneske moglegheiter.
Arbeidsrådgiving er eit av tre kompetansesenter for arbeidshelse, saman med Senter for jobbmeistring og dei rådgivande overlegane i Nav Vestland. Vi er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med fagkompetanse innan arbeidshelse, arbeidspsykologi, pedagogikk og metodar for kartlegging og rettleiing.
I avdelinga for arbeidsrådgiving blir du ein del av eit team på ni tilsette med seks psykologar/psykologspesialistar og tre pedagogar/spesialpedagogar. Vi leverer tenester til Nav-kontora i Vestland fylke, og samarbeider tett med rettleiarar, jobbspesialistar og rådgivande legar. Tverrfagleg samarbeid er ein sentral del av arbeidshverdagen.
Det vil være noko utadretta verksemd overfor arbeidsgivarar, behandlarar og andre vi samarbeider med innan både utdanningssektoren og helsesektoren. Arbeidsrådgivningstenesta er geografisk plassert i to regionar; Bergen og Sunnfjord, og deltek i tverrfagleg saksdrøfting, undervisning og rettleiing ved Nav-kontor i andre regionar. Du må difor rekne med noko reise i samband med jobben.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsretta rettleiing og utgreiing av personar med ulike utfordringar knytt til det å fungere i arbeid
Kartlegging av ressursar og føresetnader hos personar, sett opp mot moglegheiter og krav i arbeidsmarknaden
Vurdering av bistandsbehov med tanke på moglegheiter for arbeid, i lys av personen si fungering og helse
Rettleiing og rådgiving til rettleiarar ved Nav-kontor
Deltaking i samtalar med brukar
Saksdrøfting i samarbeid med interne eller eksterne samarbeidspartar
Tematisk og fagleg undervising
Gi råd og rettleiing i samansette brukarsaker
Jobbe tverrfagleg innen område arbeidshelse
Kvalifikasjonar
Desse kvalifikasjonane må du ha
Fullført utdanning på masternivå innan spesialpedagogikk eller tilsvarande embetseksamen i pedagogikk eller spesialpedagogikk frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Svært gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
God erfaring med bruk av grunnleggjande digitale verktøy og arbeidsformer, innan Microsoft (Outlook, Word, PowerPoint, Teams o.l.)
Det er ein fordel om du og har
Erfaring frå oppfølgingsarbeid og rettleiingssamtalar
Erfaring med å leie og gjennomføre tverrfaglege møte
Erfaring frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), arbeid innan helsesektoren, vidaregåande skule, andre rettleiingsinstansar eller tilsvarande oppgåver i Nav
Erfaring med munnleg og skriftleg fagformidling
Vi ser etter deg som
Har gode relasjonelle evner
Arbeider målretta, strukturert og effektivt
Samhandlar godt med andre og trivst med tverrfagleg teamarbeid
Har gode evner og interesse for å drive rettleiing og opplæring
Vi tilbyr
Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
Variert og tverrfagleg samarbeid
Fagleg utvikling og oppfølging innafor relevante fagområde for stillinga
Aktive og engasjerte kollegaer
Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
Tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønnsspenn frå kr. 650.000 til kr 720.000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleder, 40827552, [email protected]
Arbeidssted
Møllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4995896220
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 01.09.2027
Søknadsfrist: 27.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Linn Merethe Hagedal Bæra
Kontorleder
40827552
[email protected]
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
35d866c5-03df-4a71-8850-078e12431454
Hentet fra
talentech
Referanse
49839fbacf8a4a49b8eaddf2f45c2966
Report job