Om stillinga
Breim skule har ledig vikariat for lærar i 100 % stilling i perioden 13.10.25 til 31.07.26.
Breim skule har omlag 90 elevar frå første til sjuande klasse og 24 tilsette. Skulen er ein PALS-skule.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- undervisning
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:
- godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7
- spesialpedagogisk kompetanse
- digital kompetanse
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
-
undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
Personlege eigenskapar
- evne til samarbeid og bidrag til godt arbeidsmiljø
-
relasjonskompetanse
-
inkluderande klasseleiing
Vi tilbyr
- løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
-
variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.